Småkommunetilskot til Tokke
I 2019 kan politikarane i Tokke truleg rekne med 5,5 millionar kroner ekstra frå staten. Lågare skatteinngang i høve til landsgjennomsnittet gjer at småkommunetilskotet slår inn. Tokke-ordføraren er likevel skeptisk.
– I si tid var det når innbyggjartalet kom under 3 200 at kommunen fekk tilskot. Det har overlevd fleire revideringar, og no har Tokke også kome innanfor rammene for slikt tilskot. Den utløysande faktoren er likevel at skatteinngangen har kome under 120 prosent av landsgjennomsnittet målt per innbyggjar, forklarer Kjetil Lie, seniorforskar ved Telemarksforsking.
Full utteljing
Avstandar og nyetableringar av arbeidsplassar er også parameter som blir lagt til grunn for berekninga av småkommunestilskot.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men det har berre noko å seie for storleiken på tilskotet. Tokke får full utteljing på 5,5 millionar kroner årleg, fortel Lie.
Han peikar på at det kan vere vanskeleg å seie om det er bra eller dårleg at Tokke kommune får dette tilskotet.
– Det er ein årsak til tilskotet, altså nedgang i folketal og skatteinngang, men samstundes ser me mange stader at innbyggjartala er minkande utan at ein kan gjere særleg mykje med det, seier han.
– Det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko?
– Det erein måte å seie det på, svarar han.
Skeptisk ordførar
Tokke-ordførar, Jarand Felland (Sp), er avventande med tanke på tilskotet, og han vel å vente med å juble før haustens statsbudsjett er klart.
– Eg er veldig skeptisk, men det vil vere svært hyggeleg om det stemmer. Skepsisen byggjer eg på alle dei innstrammingane me ser regjeringa gjer, ikkje minst overfor distrikta. Eg vil ikkje leggje eit eventuelt tilskot inn i budsjettet, i alle fall ikkje før statsbudsjettet er klart og me finn det der, seier Felland.
Han meiner ei endring av vilkåra for å få tilskotet godt kan endre seg.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det skulle ikkje forundre meg om regjeringa plutseleg legg ein annan sats for skatteinngangen, og at me dermed ikkje tilfredsstiller krava. Det vil i så fall føye seg inn i rekkja av innstrammingstiltak som rammar kommunane, meiner Tokke-ordføraren.
– Ingen grunn til uro
Seniorforskar Lie er ikkje like uroleg som Felland.
– Han har ingen grunn til å vere uroleg. Det er absolutt ikkje noko som tyder på at dette tilskotet blir redusert eller borte. Dersom skatteinngangen i Tokke held seg under 120 prosent av landsgjennomsnittet framover, vil tilskotet halde fram med å kome årleg frå og med 2019, seier han.
– Kan samanslåing av kommunar få noko å seie for eit slikt tilskot?
– Nei, det er heilt uavhengig av det, svarar seniorforskaren.