Det er slik fisk Jan Frode Pedersen ynskjer mange fleire av i Vest-Telemark. Men då meiner han at kalken må bytast ut med småmaska fiskegarn.
Det er slik fisk Jan Frode Pedersen ynskjer mange fleire av i Vest-Telemark. Men då meiner han at kalken må bytast ut med småmaska fiskegarn.

- Småmaska fiskegarn i staden for kalking

I ein mannsalder har nissedølen Jan Frode Pedersen fiska opptil 200 dagar i året. No slår han alarm om mange hundre fiskevatn i Vest-Telemark som han meiner blir øydelagt av kalking og er overbefolka av fisk. – Mykje av kalkinga er bortkasta pengar og fører bare til småfisk. Del ut småmaska fiskegarn til grunneigarane i staden for kalk. Og Nisser trong aldri ha blitt kalka, fiskekvaliteten og -storleiken er blitt dårlegare etterpå. Forskarane har tenkt feil og vil hauste fisk på 200 gram. Det er ei langt større oppleving å få kvalitetsfisk som rykkjer i stonga, seier Pedersen.

I ein mannsalder har Jan Frode Pedersen fiska opptil 200 dagar i året. Rundt omkring i Noreg har han tatt opp fleire titals med ulike fiskeslag på stong. Etter mykje fisking, studering av all fangst og kva innsekt som er ete, har Pedersen sikra seg ein del erfaringar.

Då han for fem år sidan flytta til Treungen, venta han å få mange fiskar over ein kilo store i alle dei fantastiske fiskevatna i området.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eg blei like skuffa på kvar fisketur, blei irritert og sat nesten og grein av all småfisken i vatna, fortel Pedersen.

Øydelagte vatn

Derfor har han i den seinare tida laga ein rapport om det han meiner er tusenvis med overbefolka fiskevatn i Vest-Telemark.

– Det er ingen vits å kalke der det er mykje småfisk. Ein dag eg var ved eit heivatn kom det eit helikopter og spreia ut kalk igjen. Tenk å kaste ut pengar på denne måten. Kalkinga gjev for høg pH, fiskegytinga aukar og det blir endå fleire småfisk. Sjå på Fjellstøylvatn, som ligg på heia vest for Treungen. Der blei det for mange fisk, etter kvart var det ikkje nok mat og fisken blei tynnare og tynnare. Sist gong eg var der heiv eg fisken. Eg har for lengst slutta å gå dit, og så det flotte vatnet då, ristar Pedersen på hovudet.

Han meiner at når pH-verdien er på seks, er ein garantert mykje små fisk, og som er mager og kvit i kjøttet. Ved pH på fem blir det færre fisk og som er raudare og sprekare. Pedersen meiner ein godt kan vente med å kalke heivatna til pH er under fem. Vidare synest han det ikkje er vits lenger å kalke til dømes Fjellstøylvatn.

– Og Nisser trong aldri ha blitt kalka. Vatnet hadde aldri blitt så surt at det var farleg for fiskebestanden. Kalkinga var bortkaste bruk av pengar, og det blei jo kalka i heiane rundt. Før kalkinga av Nisser var fiskekvaliteten betre, og folk i Treungen fekk mange store aurar over ein kilo i garn. No er det sjeldan med slike fangstar. Auren i Nisser har i dag stort sett dårleg kondisjon, er mager, liten og ofte kvit i kjøttet. Eg fiskar ikkje der lenger, sidan eg synest det er moro å vere der eg får større fisk slik at det spreller i stonga og ein må bruke nokre minuttar på å få fangsten inn. Draumen for ein sportsfiskar er å oppleve det store kicket, men det er ikkje så lett her i Nissedal og nærområdet, seier Pedersen.

– Forskarane har tenkt feil

Han oppmodar om heller å gje grunneigarane fiskegarn, i staden for å sløse bort pengar på stadig å kalke. Dessutan meiner Pedersen det heller må brukast pengar på 50 storruser som kan ta opp 50 tonn fisk i Nisser.

– Då blir det meir mat som færre fisk kan nytte seg av, og storleiken vil auke bra. I mange tilfelle kan ein fisk på 100 gram ete like mykje som ein kilos aure. I svært mange vatn er det alt for mange småfisk som stikk unna med maten. Fisken mange stader i Vest-Telemark får ikkje nok næringsdyr. Krøkle og Marflo er kjempemat for fisken, set dei ut i vatna! Og for at auren skal vekse seg opp til to kilo, bør det vere bare fem fiskar i eit 100 gonger 100 meter stort vatn. I Nissedal bruka eg fem år på å leite opp eit slikt ideelt fiskevatn. Der får eg no den fiskeopplevinga, fortel Pedersen med eit stort smil.

Noko han ikkje synest er greitt er å møte alle dei flotte vatna med så mykje småfisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Forskarane har tenkt feil og vil hauste fisk på 200 gram. Eg meiner eg har like mykje greie på det som fiskerikonsulentane, og kunne sendt fiskerapporten til dei. Men eg synest ikkje det er så lett å prate med dei, avsluttar Pedersen.