Smykkesmed med sylv og emalje
Smykkesmed Linn Sigrid Bratland frå Edland er ein av fire utøvarar bak årets særutstilling i husflidshallen.
Etter fire år som dommar i kategorien «sylv» på husflidstevlinga på Dyrsku'n, skal gjestene endeleg få sjå arbeida til smykkesmeden Linn Sigrid Bratland.
Metall er meir enn smidde bruksgjenstandar og bunadssylv, og det får dei fire utøvarane Odin Brubakken, Gry Marie Grindbakken, Kjetil Aalandslid og Linn Sigrid Bratland verkeleg vise på årets særutsttilling.
Artikkelen held fram under annonsen.
Med bruk av gamle tradisjonsrike teknikkar får ein også sjå leikne og nyskapande innslag i arbeida til dei fire.
Eit viktig element hos Bratland er emalje, og smykkesmeden viser mellom anna denne helga fram eit nydeleg halssmykke ho laga klart til ei stor motemesse tidlegare i haust.
I midten av august var Bratland med på motemessa Oslo trend, der dei for fyrste gong i historia hadde ei eiga smykkevisning på showet.
– Tidlegare har smykke bare blitt bruka som detaljar til kleda som blir vist. Nå fekk eg og 15 andre smykkedesignarar vist fram arbeida våre. Det var spennande å vere med på og god nettverksbygging både her i Noreg og internasjonalt, fortel Bratland.
Ho meiner det passa godt å vitje messa i år sidan Oslo trend seier at dagens unge designarar tør å sjå bakover og nytte gamle handverksteknikkar og historie.
– Historie, teknikk og materiale er svært viktig for meg, seier ho.
– I slutten av september kjem eg med ein ny smykkeserie. Sylv og emalje, meir vil eg ikkje røpe, legg ho til med eit lurt smil.