Rådmann Sverre Sæter (t.v.), flyktningkonsulentane Hølje Haugsjå og Kristin Oddbjørg Parkinson Vågen, og einingsleiar Anne Margrethe Espelid ynskjer flyktningar velkomen til Nissedal kommune.
Rådmann Sverre Sæter (t.v.), flyktningkonsulentane Hølje Haugsjå og Kristin Oddbjørg Parkinson Vågen, og einingsleiar Anne Margrethe Espelid ynskjer flyktningar velkomen til Nissedal kommune.

Snart klar til å ta imot flyktningar

Dei fyrste flyktningane i Nissedal på mange år er venta å vere på plass i kommunen til skulestart i haust. Kommunen kjøper bruka hus for å etablere ein familie.

Ved andre gongs handsaming av flyktningsaka i Nissedal kommunestyre sist november, blei det vedteke å busetje inntil 30 flyktningar i perioden 2015–2017. Kommunen lyste ut stilling som flyktningkonsulent, ei oppgåve Kristin Oddbjørg Parkinson Vågen (70 prosent) og Hølje Haugsjå tok fatt på i slutten av mars.

Dei har jobba med å lage gode rammevilkår for integreringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me skal prøve å bli veldig gode på integrering, seier båe.

Kommunen har ikkje bustader, og derfor blei det lyst ut etter interesserte som kunne tenkje seg å selje brukt hus. Responsen var nesten ti moglege seljarar, men nokon var uaktuelle då bygget ligg for langt frå Treungen sentrum. Flyktningane skal ha gåavstand til mellom anna barnehage, skule, vaksenopplæring, fleirbrukshus og legetenester.

Overføringsflyktningar

Kommunen har bestemt at ein i fyrste omgang kjøper eitt bruka hus, og det kjem til å skje raskt. Husbanken gjev tilskot på inntil 40 prosent av summen ved kjøp av bruka hus eller nybygg. Ved så mykje i tilskot kjem kommunen gunstig ut med tanke på utleige til flyktningar.

– Å byggje nytt er også veldig aktuelt, og me har søkt Husbanken om støtte. Det kan bli ei byggjesak til kommunestyret i løpet av året, seier Hølje Haugsjå.

Nissedal har signalisert eit ynske om barnefamiliar.

– Me legg opp til å få ein familie på plass i august til skulestart, seier Vågen og Haugsjå.

Kvar familien kjem frå veit dei ikkje enno. Mest truleg er det snakk om overføringsflyktningar som sit og ventar i eit anna land i verda enn opphavleg heimland. Det kan også bli aktuelt med flyktningar som er i asylmottak i Noreg, men dei fleste der er einslege og ikkje då så aktuelle for Nissedal.

Sjølvhjelpte

Flyktningtenesta i Nissedal ligg under eining for kultur. Det har vore møte med både barnehagen og skulen i Treungen med tanke på at fyrste barnefamilie snart er på plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Flyktningane skal gjennom eit introduksjonsprogram. Det blir gjeve ei årleg statleg regulert støtte til personar som deltek. Pengane skal gå til vanlege utgifter som husleige, mat, klede, straum og anna.

– Somme trur flyktningane får alt opp i hendene, men slik fungerer det ikkje, seier Anne Margrethe Espelid, einingsleiar for kultur.

Eit viktig mål er at flyktningane skal bli buande i Nissedal kommune etter introduksjonsperioden. Etter to–tre år i kommunen skal flyktningane vere i arbeid eller utdanning. Etter fem år skal dei vere sjølvhjelpte og ha eigen bustad. Då kan det bli busetjing i grendene også.

Flyktningguide

I løpet av 2015 skal ein plan vise korleis ein kan rekruttere og lære opp einskildpersonar (flyktningguide) som skal fylgje flyktningen eller flyktningfamilien på fritida.

Kommunestyret skal neste torsdag ta stilling til plan for busetjing og integrering av flyktningar i Nissedal 2015–2017.

Evalueringa etter treårsperioden kan bli viktig med tanke på ytterlegare busetjing.

Som sagt veit kommunen enno ikkje kven som kjem og når dei fyrste er på plass i Treungen.

– Når flyktningane kjem er me klare til å ta imot dei, er Vågen, Haugsjå, Espelid og rådmann Sverre Sæter klare på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Heile kommunen må vere med når flyktningane kjem, oppmodar Vågen.

– Dette er eit samfunnsansvar. Mange er i stor naud og flyktar frå noko, minner Haugsjå om når det snart kjem nye landsmenn til Nissedal.