Kunstnaren Ruth Kvålo frå Høydalsmo har slått seg ned på Øyfjell der ho har skapt nytt liv i den nedlagde snikkarverkstaden i Straume. Saman med forloveden Ole Dalen vil ho skape eit kultur- og aktivitetshus der alle er hjarteleg velkomne.
Kunstnaren Ruth Kvålo frå Høydalsmo har slått seg ned på Øyfjell der ho har skapt nytt liv i den nedlagde snikkarverkstaden i Straume. Saman med forloveden Ole Dalen vil ho skape eit kultur- og aktivitetshus der alle er hjarteleg velkomne.

Snikkarverkstad blir ein kulturoase

Ruth Kvålo frå Høydalsmo kjøpte for eit par år sidan den gamle snikkarverkstaden på Straume i Øyfjell. Draumen har vore å omskape huset til ein oase for kunst og kreativitet, til ein møtestad der alle er velkomne. Laurdag opna den fyrste kunstutstillinga med måleri, keramikk og glaskunst, og i heile helga har det vore stor aktivitet og mange besøkande. Denne veka vil det skje ei rad ulike aktivitetar i Straumehuset, som ho kallar staden. Målet er å gje ein smakebit på kva ho tenkjer seg huset skal romme.

I helga var det stor aktivitet i Straumeverkstaden, og mange hadde funne vegen til opninga av kunstutstillinga laurdag. Ruth Kvålo er ein allsidig kunstnar som jobbar både med keramikk og måleri. Fleire av dei morosame skulpturane hennar i ulike storleikar, er å sjå saman med oljemåleri og akvarellar av raulandskunstnaren Reidar Kolbrek.

Salsutstillinga byr også på glaskunst av Annelise Keyn Klippen og Frode Klippen frå Stavanger.

Artikkelen held fram under annonsen.

I samband med opninga sytte Kjell og Rita Breivik frå Hommersåk utanfor Sandnes for det musikalske.

– Arrangementa me hadde i helga og ut over denne veka er berre ein liten forsmak på kva me drøymar om at denne staden skal bli. Arbeidet er i full gang med å blåse nytt liv i den gamle snikkarverkstaden. Eg ynskjer å syne og fortelje litt om dei vidare planane både i sjølve huset, men òg området kring, fortel Ruth Kvålo.

Huset vart reist like etter krigen, og her blei det gjort mykje ulikt snikkararbeid. Ei tid blei det mellom anna produsert leiker her, og på opninga fekk me sjå eit døme på kva som blei laga til dei minste.

– Her er innlagt straum, men ikkje vatn eller toalett. Så det er ein del opprustingsarbeid som må gjerast frametter. Men me har kome så langt at det er mogleg å nytte huset, seier ho.

Kunstnarar i arbeid

– Skal du ha atelier åleine her, eller blir det plass til fleire kunstnarar?

– Ja, i andre høgda kan det bli fleire atelier, og eg vonar at fleire har lyst til å arbeide med kunsten sin her. Meininga er at folk som kjem innom skal få sjå kunstnarar i arbeid, fortel Ruth Kvålo som har god hjelp av forloveden Ole Dalen til å skape ein oase og ein møteplass der folk er hjarteleg velkomne.

Dei ser for seg at den gamle snikkarverkstaden får eit nytt liv som ein fleirbruksplass for utstillingar og kreativitet.

– Plassen her ligg sentralt like ved vegkrysset for vegane til Rauland, Høydalsmo og Nutheim. Det gjer at eg trur mange vil stoppe når dei køyrer forbi, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag inviterte Ruth Kvålo til konsert og bygdekveld der Kjell og Rita Breivik spelte og song. Musikkstilen deira går i retning av root-musikk og dei klarte å skape ein lun og triveleg atmosfære.

Sundagen opna med gudsteneste samtidig som utstillinga heldt fram. Og i går var det aktivitetsdag for barnehageungane. Eit arrangement som var lagt opp hundre prosent for ungane, og der masse fargar og spanande gjester var viktige stikkord.

Tilbod til ungdomen

I ettermiddag er det framleis høve til å sjå kunstutstillinga. For skulelevar som går i 9. klasse og oppover, blir det i kveld «Autom games». Ruth Kvålo lovar at det blir haustens happening i Øyfjell. I området bak Straume blir det laga ei «teambuilding-løype» der deltakarane får vere med å løyse ulike oppgåver gruppevis før dei endar på ein base-camp. Der blir det høve til øksekasting og annamoro før bålet blir tent, og deltakarane kan kose seg.

Onsdag blir det kurs i scrapbooking. Dette er ein teknikk for å lage eigne bursdagskort, invitasjonar og bordkort. Dette passar for folk i alle aldrar, og Ruth Kvålo seier at responsen har vore så stor at dei må ha dette kurset også på torsdag.

– Eg vonar det me vil finne på her på Straumehuset kan vere eit alternativ til grendehusa. Dei er ofte kalde og upersonlege, så eg meiner det er god plass for eit alternativ, seier Ruth Kvålo.