Sogevandring med Seljord Sogelag

Torsdag 23. november går årets siste sogevandring. Turen går til Norsk Skieventyr i Morgedal. Start frå Frivilligsentralen med buss. Vel framme i Morgedal vert det omvisning på museet. Ein vert tatt med på ei reise gjennom norsk skiog polarhistorie. Det omfattar m.a. generell skihistorie, historia om Sondre Norheim og kappløpet mot Sørpolen. Til slutt vert ein via tre skjermar med på telemarkkøyring på eit nivå som er utenkeleg for dei fleste.

Etter omvisinga vert det høve til å kjøpe kaffi og svele i kaféen. Det er Seljord sogelag og frivilligsentralen som står bak sogevandringane.