Sogevandring til Nes

Sogevandring i Seljord torsdag 27. februar går til Nes. Start frå Telegrafen Café på Brøløs.

Nes vart også kalla Presteneset. Langs vegleii ut mot vatnet har det vore fleire gravhaugar. Ein av dei fekk namnet Gullhaug. Det er gjort fleire oldtidsfunn ut mot strandkanten som tyder på eldgamal busetning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Garden Nes ligg fint til og har gamle, ærverdige stabbur. Der kan ein også sjå skulpturen «Tuft».

Alle er velkomne til å vere med på denne lokalhistoriske kulturvandringa saman med Sigurd Telnes som er forteljar. Etter vandringa er det høve til å kjøpe mat, melder Seljord sogelag, Frivilligsentralen og Landstadinstituttet som arrangerer turen.