– Nå er skulen sprengfull. Veldig moro, innrømmer rekor Lars Bjaadal (framme). Kolbjørn Birkrem er ansvarleg for den nyetablerte jakt- og fiskelina ved folkehøgskulen.
– Nå er skulen sprengfull. Veldig moro, innrømmer rekor Lars Bjaadal (framme). Kolbjørn Birkrem er ansvarleg for den nyetablerte jakt- og fiskelina ved folkehøgskulen.

Søkjareksplosjon etter marknadsføring

Stadig fleire ynskjer å bruke eitt år av ungdomstida ved Seljord Folkehøgskule. Talet på søkjarar har eksplodert i år samanlikna med i fjor. Medan frilynte folkehøgskular over heile landet i gjennomsnitt har fem prosent auke i elevsøkinga, opplever Seljord Folkehøgskule ein auke på 35 prosent. – Nå ser me ringverknadane av den halve millionen me bruka til marknadsføring i fjor, seier ein nøgd rektor Lars Bjaadal.

– Nå er skulen sprengfull. Veldig moro, innrømmer rekor Lars Bjaadal.

Medan dei frilynte folkehøgskulane over heile landet i gjennomsnitt har fem prosent auke i elevsøkinga samanlikna med fjoråret, har Seljord Folkehøgskule ein auke på 35 prosent. Dei kristne folkehøgskulane opplever i år ikkje tilsvarande auke.

Artikkelen held fram under annonsen.

500.000 kroner på marknadsføring

I fjor tok 60 elevar til ved folkehøgskulen i Seljord. Dette året skal 90 elevar ha folkehøgskuleåret sitt i sjøormbygda.

– Det er klart me gler oss over den positive utviklinga. Det trur eg sanneleg alle lesarane av VTB også gjer. Det er klart at 90 unge i lausdrift gjev store ringverknader for fleire enn oss. Bare tenk på hybelmarknaden og handelsstanden. Det er òg ei utfordring for kulturetaten og dei som driv med ungdomsarbeid i kommunen å leggje til rette for ulike aktivitetar som folkehøgskuleelevane kan ta del i, oppmodar Bjaadal.

Dei siste åra har søkinga til både kristne og frilynte folkehøgskular rundt om i landet svinga kraftig. Bjaadal trur det finst to hovudgrunnar til at Seljord Folkehøgskule nå opplever ein enorm vekst.

– I fjor tok me nokre harde tak for å få fart på søkinga. Me bruka ein halv million kroner på marknadsføring med hovudvekt på nye heimesider og nytt brosjyremateriell. Denne investeringa har nok i høgste grad vore ein medverkande årsak til at fleire ynskjer seg til oss i år, trur rektoren.

Kart og kompass for framtida

Forutan marknadsføringa meiner Bjaadal at unge i dag har behov for å kome saman om ulike aktivitetar.

– Unge folk har behov for å samle seg, vere saman og leve saman. Mange unge i dag ynskjer å møte nye menneske med ulik bakgrunn, andre haldningar og meiningar enn dei sjølve. Folkehøgskulen er ein ypparleg arena i så måte, meiner Bjaadal.

På tvers av landegrenser

I haust startar 90 elevar frå sju ulike land ved Seljord Folkehøgskule. Forutan elevar frå mest alle fylka i landet, kjem det òg elevar frå Danmark, England, Tyskland, Nederland, Russland og USA.

Seks ulike liner ved folkehøgskulen:

* Musikklina

Artikkelen held fram under annonsen.

* Friluftslivlina

* Jakt- og fiskelina (ny)

* Kunst- og handverkslina

* Teater og DVlina (Digital Video)

* Turar og prosjekt

Fellesfag og valfag

Fellesfaga utgjer om lag ti timar i veka og varierer frå morgonsamlingar til allmøte, husmøte, song, seminar, konsertar, teater og fellesturar. I tillegg til linefag og fellesfag, som alle er med på, kan ein velje mellom minimum seks timar valfag i veka.

Valfaga ein kan velje mellom er: Jakt og fiske, friluftsliv, teater, idrett, kor, samspel, gitar, bygdeliv (bli kjent i Vest-Telemark), litteratur, tekstil, keramikk, knivlaging, bilde, filosofi, solidaritetsarbeid, psykologi, barneidrettsskulen, foto, dans og skuleavis.