Solid heimesiger
Vinje/Åmdal vann 4-0 i torsdagens heimekamp mot Sannidal. Tarjei Hyttedalen Kåsene gav Vinje leiinga då han ekspederte eit strålande innlegg frå Adis Smajic i mål før det var spelt eit karter. Rett før pause var Smajic igjen nest sist på ballen. Denne gongen var det Sander Gunvaldjord som elegant overlista gjestenes målvakt til 2-0. Vinje/Åmdal var også best i 2. omgang, men 3-0 let vente på seg ei stund. Ti minuttar før full tid skåra Christobal Montiel og eit par minuttar etter var det kaptein Lars Kili som fastsette sluttresultatet til 4-0.
Neste kamp for Vinje/Åmdal blir spela på Dalen laurdag 5. mai. Då kjem Langesund på besøk.