Sommargjesten: Kamilla Hauger Lauvstad
Alder:41 år
Kjem frå: Seljord
Artikkelen held fram under annonsen.
Gjer: Driv «Frøken fin» med Siv Anita Haugen
Korleis er ein perfekt sommardag?
Då er eg saman med familien. Det er varmt og godt vêr og me et god mat. Me stressar ikkje, og har ein god latter som forlenger livet.
A- eller B-menneske?
Ein god blanding. Eg arbeider best på morgonen, men eg likar òg å vere lenge oppe.
Kven er den beste grillsjefen du kjenner?
I alle fall ikkje mannen min!
Kva vil du vise turistane i Vest-Telemark?
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjøormtårnet, saunaen ved Seljordsvatnet og eigentleg heile Seljord. Og så kan ein jo besøke Skieventyret eller sjå Victoriabåten.
Kva er ditt beste ferieminne?
Då eg var rundt 10 år køyrde me bil til Sitges i Spania. Kjensla av å kome fram og endeleg vere ute av bilen er noko av det beste eg kan hugse.
Er myggen glad i deg?
Ja, men eg har faktisk ikkje fått eit myggstikk så langt i sommar. Det må vere all vinden.
Kva må temperaturen i vatnet vere for at du skal hive deg uti?
Helst over 20 grader.
Kva dialektord likar du best?
Artikkelen held fram under annonsen.
Glæ.
Noko du gler deg til?
Å ha ferie og reise på familietur til Fevik.
Kven vil du sende ei sommarhelsing til?
Mannen min som akkurat hadde bursdag.