For tjueandre året på rad slo Seljord songlag an tonen til adventtida.
For tjueandre året på rad slo Seljord songlag an tonen til adventtida.

Song adventtida inn

Seljord songlag, solist Peder Arnt Kløvrud, barnekoret til kulturskulen, trompetist Gunn Steinstad, pianist Teemu Ikonen og ein fullsett Sundsbarmhall sytte for den årlege musikalske starten på adventtida i Seljord.

For andre året på rad fekk barnekoret til kulturskulen i Seljord vist seg fram for eit stort publikum då dei deltok under den årlege konserten i Sundsbarmhallen. Dette til glede for foreldre og besteforeldre som hadde møtt fram for å sjå sine håpefulle på scena. Sjarmfaktoren var skyhøg då blandakoret av full hals song Odd Nordstogas «Jul i svingen» og andre nyare «jolesongar» under energisk leiing av dirigent Gunn Steinstad.

Vel – blandakor var vel å ta litt hardt i. Éin einaste gut hadde teke plass blant dei kring tretti små koristane. Slik sett kan det spøkje for rekruttering av mannsstemmer til Seljord songlag, som saman med solisten Peder Arnt Kløvrud, stod for resten av konserten. Dét er heller ikkje heilt sant, for – tradisjonen tru – fekk den nær fullsette salen vera med og syngje utvalde vers av fem jolesalmar, og deltok dermed på sitt vis i konserten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Færre tilhøyrarar

Dei fyrste åra Skagerak energi og Seljord songlag arrangerte konsert i det som Vest-Telemark blad då døypte til Skorvekatedralen tydde fullt hus kring 600 menneske. År etter år strøymde folk frå fjern og nær til den populære gratiskonserten fyrste adventsundagen. Inntil for tre år sidan då Vest-Telemark brannvesen sa nei. Av tryggleiksomsyn blei det sett eit tak på totalt 450 personar. Det førte til at frammøtte måtte avvisast. Ikkje slik i år. Då konserten tok til var det enno nokre få ledige sitjeplassar.

Solist frå Toten

Konserten i år var den 22. i rekkja. Sundsbarm kraftverk, som er eigd av Vest-Telemark kraftlag og Skagerak kraft, har alle desse åra stilt med gratis lokale, organisering, samt gratis kaffi og kaker til publikum. I tillegg sponsar kraftprodusenten songlaget slik at dei kan hyre inn ein profesjonell solist. I år var det Peder Arnt Kløvrud sin tur.

– Dette var bra. Han song veldig godt. Absolutt ein av dei betre solistane koret har hatt med seg, lydde lovorda frå publikumarar som hadde teke turen for den musikalske opplevinga.

Solist Peder Arnt Kløvrud frå Skreia fylte Skorvekatedralen med vellyd.
Solist Peder Arnt Kløvrud frå Skreia fylte Skorvekatedralen med vellyd.
Stjernene i barnekoret til kulturskulen i Seljord song av full hals.
Stjernene i barnekoret til kulturskulen i Seljord song av full hals.
Gunn Steinstad både dirigerte og mima for å lose ungane trygt gjennom repertoaret.
Gunn Steinstad både dirigerte og mima for å lose ungane trygt gjennom repertoaret.
Oddvar Hilde (t.v.) og Dagfinn Listaul sender akkurat nummer 329 inn i fjellhallen.
Oddvar Hilde (t.v.) og Dagfinn Listaul sender akkurat nummer 329 inn i fjellhallen.
Direktør i Skagerak kraft, Finn Werner Bekken, fortel at selskapet kvart år sponsar songlaget økonomisk slik at konserten kan gjennomførast.
Direktør i Skagerak kraft, Finn Werner Bekken, fortel at selskapet kvart år sponsar songlaget økonomisk slik at konserten kan gjennomførast.

Det var litt av ein kapasitet songlaget hadde leigd med seg denne gongen. Kløvrud er utdanna ved Barrat Dues musikkinstitutt og arbeider frilans som songar, songpedagog og dirigent. Dei siste ti åra har han vore med i Det norske solistkor, og han er mykje bruka som solist rundt i landet. Kløvrud kjem frå Skreia, men har tilknyting til Seljord ved at han ved dyrskubel for to år sidan gifta seg med Ivar Hesmyr Falander frå Flatdal. Ivrige tv-sjåarar vil koma i hug at det var han som i 2012 fekk kjendisstatus som «Amazing Race»-Ivar. Paret bur no i Oslo.

Repertoaret til Kløvrud bestod mellom anna av Blix-salmen «No koma Guds englar», Kingo-salmen «Upp gledjest alle» og Trygve Hoffs mektige «Nordnorsk julesalme». Som dei fleste andre solistar som har gjesta Skorvekatedralen måtte også totningen måle krefter med Jussi Björling i «Julsong», eller «O helga natt», som vel dei fleste kjenner songen som. Den oppgåva kom han rektig godt ut av.

Etter konserten spurde me Kløvrud korleis det var å syngje i kraftverkshallen.

– Klangmessig var det litt utfordrande; det var vanskeleg å veta korleis lyden bar, svaras totningen som aldri hadde sunge inni fjellet før, men som gjorde stor lykke med røysta si.

Avbrot i kraftproduksjonen

Den tida konserten varer stoppar kraftproduksjonen opp. Direktør i Skagerak Kraft, Finn Werner Bekken, fortel at dagen då konserten blir halden blir gjerne anlegget stoppa klokka tolv på dagen og starta opp att i sekstida.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kor mykje tapar det på å la anlegget stå?

– Hmm. Me tapar då ikkje noko vatn, vatnet er framleis i Sundsbarm, smiler direktøren.

Etter konserten er over er det framleis mykje arbeid og opprydding som står att før kraftverkhallen framstår til sin eigentlege bruk. Eit par dagar reknar dei tilsette at går med til etterarbeidet.

Vel gav konserten dei frammøtte energi til å gå den travle adventstida i møte, men utan straum blir smultringbaksten tungvinn. Skal tru om ein og annan tenkte at «no må dei jammen starte opp att aggregatet» medan dei vandra den fem hundre meter lange opplyste tunellen som førte ut i den svarte kvelden.