Songglede på vintermarken
Unge og lokale songtalent hadde ein flott gospelkonsert på Kviteseidmarken laurdag. Gjennom markenshelga var det også andre innslag som festfyrverkeri, bygdekveld, utdeling av målpris og landevegsløp.
Under Kviteseidmarken skulle det ha vore tråvløp, men overvatn på bortre langside førte til avlysing av innslaget. Elles gjekk det meste etter programmet. Fredagskvelden var det skikkeleg festfyrverkeri i Bryggjeparken og bygdekveld med mellom anna utdeling av målpris på Sundvang kulturhus.
Vidare starta ei øving- og inspirasjonshelg denne kvelden der både Kviteseid, Tinn og Notodden Soul Children deltok. 30 ungdomar blei instruert av dei profesjonelle musikarane Gwen Henderson frå USA og Nacho Velez frå Spania.
Artikkelen held fram under annonsen.
Olav Holm leiar Kviteseid Soul Children, som blei starta i 2012, inspirert av Oslo Soul Children. Han fortel at i år er det åtte lokale ungdomar med i koret, som tidlegare har hatt 20 utøvarar.
– Det går i bylgjer. Det er moro å øve med koret, ein får energi av å vere der, seier Holm med eit smil.
Han fortel at det er ein organisasjon som tilbyr proffe musikarar som gjer at gospelartistane Henderson og Velez kjem til Kviteseid for å lære frå seg songar på engelsk. Båe er i Noreg for fyrste gong.
Mange gode songarar
Etter øvingar er koret klar for gospelkonsert laurdag ettermiddag på markensplassen ved Bryggjeparken. Henderson og Velez er godt kledde og er samde om ein ting; med kaldt vêr og så mykje snø ville det aldri ha blitt arrangert ein slik marken verken i USA eller Spania.
– Eg har aldri sett så mykje snø. Eg elskar det, har varm sjokolade i koppen og er klar for konsert, seier Veles med eit smil.
Han synest det er veldig triveleg å jobbe med ungdomane i Soul Children.
– Dei starta sjenerte i går kveld, men nå er det mindre og mindre av det. Det er mange gode songarar, og dei ynskjer å lære, seier Velez, klar for å varme opp med koret før konsertstart.
Også Henderson trivst i vintervêret i Kviteseid og å vere saman med det trivelege og unge helgekoret. Ho gjer seg klar til ein konsert med kristne songar med mykje bevegelse blant utøvarane. Eit døme på dette kom under den siste konsertsongen med solist Liwa Migala (15) frå Rjukan. Henderson og Velez storkosa seg og let seg rive med.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg elskar å synge. Eg er med på ei veldig spennande øvingshelg, og det er moro å opptre her i denne koselege byen, seier Migala til VTB rett etter solistinnslaget.
Mange eldsjeler
Det er Kviteseid næringslag, historielaget, mållaget, jeger- og fiskarforeininga, idrettslaget og Øvre Telemark Tråvlag som arrangerer vintermarken.
– Sjølv om næringslaget held i tråden for å ha Kviteseidmarken, hadde den ikkje latt seg gjennomføre utan dei ulike laga som er med. Der er det mange eldsjeler, seier Thomas Berstad, leiar i markenskomiteen.
Når Berstad ser tilbake på markenshelga nemner han mellom anna fyrverkeriet.
– Det blei ein flott suksess som Arnfinn Magnushommen stod bak. Han har eit spesielt kurs for å gjennomføre fyrverkeri – han er kanonør, seier Berstad med eit smil.
Han er godt fornøgd med helga.
– Forretningane, næringsliv og laga fekk til ein flott gjennomført marken.
Berstad ser alt no fram til sommarens Victoriafestival.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Om nokon vil stille opp med noko der kan dei ta kontakt med næringslaget, seier Berstad.