Songglede på vintermarken
Unge og lokale songtalent hadde ein flott gospelkonsert på Kviteseidmarken laurdag. Gjennom markenshelga var det også andre innslag som festfyrverkeri, bygdekveld, utdeling av målpris og landevegsløp.
Fredagskvelden var det skikkeleg festfyrverkeri i Bryggjeparken og bygdekveld med mellom anna utdeling av målpris på Sundvang kulturhus.
Vidare starta ei øving- og inspirasjonshelg denne kvelden der både Kviteseid, Tinn og Notodden Soul Children deltok. 30 ungdomar blei instruert av dei profesjonelle musikarane Gwen Henderson frå USA og Nacho Velez frå Spania.
Artikkelen held fram under annonsen.
Olav Holm leiar Kviteseid Soul Children, som blei starta i 2012, inspirert av Oslo Soul Children. I år er det åtte lokale ungdomar med i koret, som tidlegare har hatt 20 utøvarar.
– Det går i bylgjer. Det er moro å øve med koret, ein får energi av å vere der, seier Holm med eit smil.
Han fortel at det er ein organisasjon som tilbyr proffe musikarar som gjer at gospelartistane Henderson og Velez kjem til Kviteseid for å lære frå seg songar på engelsk. Båe er i Noreg for fyrste gong.
Etter nokre øvingar er koret klar for gospelkonsert laurdag ettermiddag på markensplassen ved Bryggjeparken. Henderson og Velez er godt kledde og er samde om ein ting; med kaldt vêr og så mykje snø ville det aldri ha blitt arrangert ein slik marken verken i USA eller Spania.
– Eg har aldri sett så mykje snø. Eg elskar det, har varm sjokolade i koppen og er klar for konsert, seier Velez med eit smil.
Han synest det er veldig triveleg å jobbe med ungdomane i Soul Children.
– Dei starta sjenerte i går kveld, men nå er det mindre og mindre av det. Det er mange gode songarar, og dei ynskjer å lære, seier Velez, klar for å varme opp med koret før konsertstart.
Meir frå marken i tysdagsavisa