Per Helge Seltveit (Sp) bad kommunestyret om ikkje å bryte reglane i kommunelova. (Arkivfoto)
Per Helge Seltveit (Sp) bad kommunestyret om ikkje å bryte reglane i kommunelova. (Arkivfoto)

Sp-mindretalet stoppa varaordførarplan

Olav Gisle Noraberg (Ap) søkte om fritak frå formannskapsvervet i Fyresdal for å gje plass til ny varaordførar. Det sa Senterpartiet nei til.

Varaordførar Christin Lindberg Skansen (Ap) flyttar snart ut av Fyresdal kommune. Partifelle Olav Gisle Noraberg søkte nyleg kommunestyret om fritak frå formannskapsvervet for å gje plassen til Nils Kristian Moe, påtenkt ny varaordførar. Anne Serine Nærum er kandidat til å ha den tredje plassen til Ap i formannskapet, og dermed er kjønnsbalansen tatt vare på.

Ingen grunn

Sp var ikkje samd med innstillinga frå rådmannen om å gje Noraberg fritak. Per Helge Seltveit (Sp) minna om at kommunelova paragraf 15.2 opnar for at kommunestyret kan etter søknad frita for eit kortare tidsrom eller resten av valperioden, «den som ikkje utan uforholdsmessig vanskar eller belasting kan skjøtte sine plikter i vervet.» Før ein kan gje fritak må det fyrst liggje føre fritaksgrunn som oppfyller lovas paragraf 15.2.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Noraberg skjøttar pliktene sine i vervet, og det ligg ingen grunn i søknaden for at han ikkje vil halde fram å skjøtte pliktene sine, sa Seltveit.

Gruppeleiar Skansen i Ap sa at dei hadde drøfta saka mykje og lenge, og hadde oppfatta signalet om at Sp kom til å seie nei til søknaden. Av den grunn hadde Ap lyst til å minne litt om historikken.

– Sp hadde ein gong ein profilert kandidat på lista si før valet som kanskje eigentleg ikkje burde stått der. Det fordi verva han hadde før valet var kjent både for kandidaten og Sp. Det mest reielege hadde vore kanskje å fjerna den personen i forkant, sa Skansen.

Vidare viste ho til at Bygdelista for nokre år sidan hadde ein ordførar som trekte seg midt i perioden.

– Sp støtta Bygdelista i å fremje ein person til ordførar som ikkje ein gong sat i formannskapet på det tidspunktet han blei valt. Dette er heller ikkje etter regelverket som me er sett til å fylgje. Ap valte å ikkje anke desse fleirtalsvedtaka fordi tanken var å vera smidig og fleksibel når det oppstår situasjonar som er både uføreseielege og kan vere vanskelege. Gruppa vår stør søknaden til Noraberg, sjølv om det er trist at han ikkje skal ha vervet. Han er ein dyktig politikar, sa Skansen.

Får ikkje varaordføraren

Seltveit svara Skansen med at ved tidlegare søknader om fritak meinte søkjarane at dei ikkje kunne skjøtte verva sine på grunn av belasting anten i yrket eller personleg.

– Søknaden no skil seg heilt ut fordi han så klart seier at grunnlaget ligg utanfor lovheimelen. Eg vil faktisk innstendig oppmode kommunestyret ikkje så bevisst å bryte reglane i kommunelova, slik me oppfattar det, sa Seltveit.

Ordførar Erik Skjervagen (Ap) tok ordet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er klar over at dette ligg på kanten, og det var rådmannen også då han skreiv innstillinga. Vil Sp anke eit ja-vedtak til Fylkesmannen, spurde han.

– Svaret er ja, kom det raskt frå Seltveit.

Ordføraren bad om gruppemøte, og etterpå avslutta han saka med desse orda:

– På bakgrunn av diskusjonen og Sp si haldning til dette, ynskjer Noraberg å trekkje søknaden sin. Då blir saka lagt død.

Dermed blir ikkje Moe varaordførar likevel, men kven får dette vervet?

– Me skal løyse dette problemet uansett, og jobbar med saka. Viss Sp har det minste håp om å få varaordføraren, kan dei bare gløyme det, seier Skjervagen til VTB.