Ap-representantane Olav Gisle Noraberg (t.v.), Erik Skjervagen og Anne Serine Nærum vil ha bort stillinga som kulturskulerektor, men det vil ikkje Tone Irgens Veum og Ellen Elisabeth Gasmann.
Sp tapte kampen om kulturskulerektor
I Fyresdal formannskap ville ikkje Ap vere med på eit forslag frå Sp om å behalde stillinga som kulturskulerektor.
Fyresdal kommune skal skjere ned driftsbudsjettet med tre millionar kroner. Ei arbeidsgruppe med politikarar og kommunetilsette i Fyresdal har mellom anna føreslege å kutte stillinga som kulturskulerektor. Vidare har det vore snakk om at 50 prosent av stillinga som næringssjef skal flyttast til lærarjobb i skulen, noko som har skapt bruduljar. Ein vil ved reduksjonen sitje att med 30 prosent stilling som næringssjef i ein kommune som ynskjer å satse på næring.
Etter intern høyringsrunde i kommuneorganisasjonen, kom det 20 tettskrivne sider med tilbakemeldingar. Då var det vel kanskje ikkje så rart at ordførar Erik Skjervagen (Ap) innleia onsdagens formannskapsmøte om nedskjeringar med desse orda:
– Eg reknar med at nokon har lyst til å ta å ta ordet i saka …
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP