Spådomsnuten skal overvakast
Kor stor er faren for at Spådomsnuten i Flatdal kjem til å rasa? Det skal geologane finne ut når dei i tida 19.–23. juni skal kartleggje området.
– I Seljord har det vore kjent på folkemunne at Spådomsuten før eller seinare kjem til å rasa ned i vatnet og laga ei flodbylgje. Kva omfanget av ein slik katastrofe vil bli er vanskeleg å vurdere, seier fylkesgeolog i Telemark, Sven Dahlgren.
Sidan Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i 2011 fekk nasjonalt ansvar for å gjera skredgranskingar har fylkesgeologen masa på Norges Geologiske undersøkelse (NGU) om å få sett i gang arbeidet med å kartleggje området.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I kva grad har sprekkane endra seg, og over kva tidsrom?
– Det veit me ingenting om. Ingen sikre målingar er gjort. Eg har sjølv vore der oppe, og fjellpartiet ser ikkje heilt stabilt ut, konkluderer fylkesgeologen.
Med helikopter og drone
Den 19. juni skal NGU i gang med å kartleggje fjellområdet i Flatdal. Formannskapet i Seljord har gjeve løyve til at helikopter kan lande i området, under føresetnad av at aktuelle grunneigarar ikkje har innvendingar. I fylgje søknaden frå NGU er det i fyrste omgang snakk omei landing, men det kan òg bli aktuelt å overvake området kvart år. I arbeidet med kartlegginga vil det også bli brukt ei drone, ein fjernstyrt, ubemanna farkost.
I folketradisjonen
Spådomsnuten er ei stor steinblokk som står på skrå høgt oppi fjellsida i Skorve. Det seiest at Spådomsnuten skal rase ut og setje heile Flatdal under vatn. Vatnet skal nå så høgt at folk skal kunne binde pråmane sine i dørklinka på Åse-gardane, som ligg høgt oppe i nordenden av dalen. Gardane ligg omkring hundre meter høgare enn Flatsjå.
Spåkvinna Sibylla (eit fellesnamn på synske kvinner) har spådd om Spådomsnuten, eller Spådomsklaven som han òg blir kalla, skal rase ut i Flatsjå etter at tre systrar frå Flatdal har stått brur på same dag. Eit anna merke er at når det glimar som ein by mellom Vallaråi og Skjerveåi, då er det tid for Spådomsnuten å rase ut. Dét meiner somme å sjå sterke tendensar til slik ved Dyrsku-bel.
Sibylla såg også ei verdfull, blank og strøymande åre inni Skorvefjellet. Kanskje denne spådomen gjekk i oppfylling med vassrøra som no gjev kraft til turbinane ved Sundsbarm kraftverk, meiner geocacherane som har plassert ein catch ved nuten.
Fare for sørpeskred
Det utstabile fjellområdet i Skorve er også omtala i ROS-rapporten (risiko- og sårbarheitsanalyse) for Seljord kommune 2016, der faren for sørpeskred blir nemnt. Eit slikt ras kan i fylgje rapporten få store konsekvensar:
– Etter ein snørik vinter kjem det store nedbørsmengder og ein periode med mildvêr. Det kjem fleire mindre sørpeskred ned mot Flatdalsbyen frå Skorve. Sørpeskred tek med seg skog og endrar elveløp slik at fleire gardar på Skorvesida er truga. Evakuering av buområda blir sett i gang. Raset skrid vidare inn i buområda, og husa rasar ut. Mange husrestar og treverk stengjer elveløp mot Vallaråi i enden av Flatsjø. Det blir flaum og store øydeleggingar på bustader og dyrka mark, er den dramatiske skildringa som blir gjeven i den kommunale rapporten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire tidlegare ras
Av ROS-analysen går det fram at det er få tiltak som kan hindre ras frå Skorve ned mot Flatdal. Store skredvifter indikerer at det gjennom tidene har gått fleire ras ned fjellsida. Skredsikring er i utgangspunktet eit grunneigaransvar, og det er framleis liten kunnskap om kvar det er fare for store skred. Seljord kommune har fått utarbeidd ein skredrapport av Sweco AS for eitt av områda; Vårhegnibekken. Heile fjellrekkja har tydelege teikn på at det går skred jamleg, og det er spesielt eitt område, Spådomsnuten, som kommunen ynskjer at NVE skal oppgradere til høgare fareklasse.
Om nokre veker skal altså NGU opp til nuten med helikopter som fraktar utstyr og personell til feltarbeidet.