– Totalt sparar begge kommunane 590.000 kroner årleg i løn på samarbeidet. Innsparingane er i tråd med planen, seier rådmann i Nissedal, Ketil Kiland.
– Totalt sparar begge kommunane 590.000 kroner årleg i løn på samarbeidet. Innsparingane er i tråd med planen, seier rådmann i Nissedal, Ketil Kiland.

Sparar 590.000 kroner i løn på samarbeidet

Rådmann i Nissedal, Ketil Kiland, seier Kviteseid og Nissedal til saman sparar 590.000 kroner i løn årleg ved å samarbeide om landbruk, plan, byggjesaker, oppmåling, løn og skatt.

I Kviteseid etterlyser Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti tala for samarbeidet. Partia seier dei ikkje har sett nokon tal anna enn førebelse tal som blei lagt fram i vår. Men rådmannen i Nissedal opplyser at det er desse tala kommunen har lagt til grunn for samarbeidet.

– Me sparar inn 330.000 kroner på å ha eit felles kontor for landbruk og miljø i Kviteseid, og 260.000 kroner på å samkøyre løn og skatt, orienterer Kiland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tala står i eit offentleg kommunalt dokument frå 9. januar 2003.

Allereie omorganisera

– Me har gått inn eit samarbeid med Kviteseid og har sjølvsagt jobba ut frå dette. Nissedal har alt omorganisert i forhold til kommunesamarbeidet og derfor fått ein brukbar økonomisk gevinst, seier Kiland.

Eit felles landbrukskontor skal liggje i Kviteseid. Plan, byggjesaker og oppmåling skal vere i Nissedal. Kviteseid skal rekne ut skatt, medan Nissedal skal ta seg av løn.

– Samarbeidet handlar ikkje berre om økonomi og å spare pengar. Det er også viktig å byggje opp eit større fagmiljø slik at det blir lettare å få folk til å søkje jobbar i

dei to kommunane, seier Kiland.

Ingen nissedølar til Kviteseid

I samband med det interkommunale samarbeidet, som skal iverksetjast 1. januar 2004, har Kviteseid og Nissedal lyst ut fleire ledige stillingar. Eit felles tilsetjingsutval har alt tilsett fleire personar.

– Stillingane har vore lyste ut og kven som helst har kunne søkt jobbane. Men så langt er det berre ein person frå dei to kommunane som skal jobbe i ein annan kommune ein heimkommunen sin, seier Kiland.

Denne personen er ein av avdelingsingeniørene ved teknisk avdeling i Kviteseid som skal jobbe 50 prosent med oppmåling og byggjesaker i Nissedal kommune. Nissedølane har kunne søkt stillingar innan skatt, kontorfunksjonar og landbruk i Kviteseid.

– Ingen i Nissedal har hatt som fyrsteval å jobbe i Kviteseid, seier Kiland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han minner om at det ikkje blir oppretta nye stillingar i samband med samarbeidet.

– Me berre får inn nye folk i stillingane som er ledige, seier han.

Stillingsannonsen for ledig jobb som skogbrukssjef i dei to kommunane blir snart lyst ut eksternt, opplyser Kiland.

Fungerande rådmann i Kviteseid Olav Kaasa opplysar at han ikkje jobbar med samarbeidssaka då sektorleiar for service og utvikling Anne Aasmundtveit i Kviteseid kommune har ansvaret for dette.

150.000 kroner i reiseutgifter

Økonomisjef Inge Martin Bakkebø i Kviteseid kommune reknar med at Nissedal og Kviteseid årleg vil bruke 150.000 kroner i reiseutgifter på samarbeidet.

– Me reknar at Kviteseid og Nissedal tilsaman brukar 20.000 kroner i kilomtergodtgjerelse årleg på dei kontortilsette som driv med løn og skatt, 30.000 kroner for landbruk, 20.000 kroner for brann og mellom 80.000 til 100.000 kroner for bygg og oppmåling. Det vil bli mykje reising på den tekniske sida som driv med bygg og oppmåling, seier Bakkebø.

Han legg til at kommunane kjem truleg til å spare totalt 100.000 kroner på IT-sida, då kommunane skal bruke felles IT system.

Kostnadsfordeling ikkje klart

Kostnadane for dei to kommunane blir på rundt fire millionar kroner for å drive felles kontor for skatt, løn, landbruk, byggjesaker og oppmåling.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det ligg inne eit forslag om å fordele kostnadene mellom dei to kommunane basert på folketal, men så vidt eg kjenner er det ikkje blitt vedteke noko om fordelinga, opplyser Bakkebø.

– Fordelar me etter innbyggjartalet i kommunane skal Kviteseid betale 65 prosent av summen, seier økonomisjefen.

Rådmann Ketil Kiland i Nissedal seier at han ikkje har rekna ut utgiftene ved samarbeidet.

– Dei er ikkje så store at dei kjem ikkje til å utgjere så mykje, seier han.

Sparar eit årsverk

Bakkebø fortel at talet på tilsette aukar ved teknisk avdeling for Kviteseid og Nissedal, men at blir det færre stillingar på talet tilsette ved løn, skatt og landbruk. Lønsutgiftene på dei auka stillingane på den tekniske sida reknar han med går opp i opp med lønnssparinga på at det blir færre stillingar ved dei andre kontora.

– I dag har me 7,7 årsverk i Kviteseid fordelt på skatt, løn, landbruk, byggjesaker og oppmåling. Når me startar samarbeidet med Nissedal kjem me til å ha 6,7 årsverk, opplyser han.

– Husk publikum

Teknisk sjef Olav Tore Lie ved teknisk avdeling i Kviteseid kommune meiner det er viktig å ikkje gløyme publikum når det gjeld samarbeidet mellom dei to kommunane.

– Me er her for å tene publikum, og det vil bli mykje vansklegare for dei å stille spørsmål om byggjesakar og oppmåling om dei må heilt til Treungen. Dessutan vil det bli dyrare for publikum i Kviteseid når dei må køyre dei 5,5 mila kvar veg, seier Lie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner det er meir naturleg for kviteseidingane å samarbeide med Seljord.

– Kviteseidingane køyrer oftare til Seljord, Bø og Notodden enn til Nissedal. Dessutan har Nissedal vendt seg sørover til Arendal i samband med legesamarbeid, seier Lie.

Han etterlyser eit fullstendig rekneskap på samarbeidet.

– Eg har lenge bede om å få sjå eit seriøst reknestykke, der både utgifter og inntekter er presenterte. Det burde vore forbode å gjere vedtak om eit samarbeid for så å rekne ut kostnadane i etterkant, uttalar Lie.