Spennande planar for modernisering av skulen
I rådmannens forslag til budsjett for 2018 er det satt av 16 millionar kroner til modernisering av Kviteseid skule. Torsdag vart dei førebelse planane presenterte for kommunestyret.
Det var uvanleg folksamt i kommunestyresalen i Kviteseid torsdag. Framlegg til budsjett for neste år og ikkje minst presentasjon av moderniseringa av skulen vekkjer engasjement. Åtte lærarar møtte, og det var ikkje vanskeleg å få dei til å peike på kva dei ønskjer endra med dagens skulebygg.
– Det er viktig at inneklimaet blir betre. Me kan ikkje ha det slik at elevar får vondt i hovudet av lufta på skulen, og me må ha ein arbeidsplass me ikkje blir sjuke av, seier lærar Inger Lise Berge til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me vil også ha meir ljos inn i bygget og eit fellesareal for elevane. Nå har elevane lagd seg ein liten krok der dei har ein sofa, men pengane til det har dei skaffa sjølve, fortel lærar Anette Bakås.
– Barn og skule har ikkje blitt prioritert av kommunen. Til dømes er skulekjøkkenet frå 1975 og treng verkeleg å bli bytt ut, seier mat-og helse lærar Anne Marie Midtsund Stykket.
Kva er mogleg for 16 millionar?
– Då planane vart presenterte for hovudutvalet for oppvekst og omsorg i september var det nytt skulekjøkken og hms-tiltak som var i fokus, men sidan september har fokuset endra seg noko. Etter møte med mellom anna ordførar, ungdomsråd og rektor skjønar me at det er ønskje om noko meir. Derfor er fokuset nå ei modernisering og omstrukturering av skulen og gjera den meir funksjonell. Spørsmålet er; kva er det mogleg å få til for 16 millionar kroner, seier kommunalsjef Ingunn Haugland.
– Fyrsteprioritering er inneklimaet. I dag har skulen utfordringar når det gjeld både lys, lyd og luft. Det er lite dagslys som slepp inn og nokre klasserom har ikkje vindauge. I dag er det også krav til beredskap, me byggjer for framtida. I tillegg kjem infrastruktur til IKT, held kommunalsjefen fram.
Det er satt av 300 000 kroner til eit forprosjekt for arbeidet på skulen, og Adaptiv Arkitektur har alt teikna eit forslag til korleis mellomtrinnslokala og ungdomsskulen kan moderniserast.
Arkitekt Pål Sylwester Witczak viste dei førebelse planane for kommunestyret. Utfordringane med lys ville dei løyse ved å glase inn det såkalla atriumet, og fjerne ein del veggar slik at meir naturleg lys vil sleppe inn. Dei vil også lage fleire grupperom i fyrste etasje som kan bli brukt av både lærarar og elevar, samt lage eit fellesrom eller kantine.
Skulebygget er frå 1975 og i betong. Arkitekten peika på både fordelar og ulemper med materialet. Ein av fordelane med dette er at det er få berepunkt og derfor fleksibelt, og at det også er haldbart.
Artikkelen held fram under annonsen.
Positive politikarar, men…
Fleire av politikarane ytra at dei synest prosjektet og teikningane såg spennande ut, men mange spørsmål meldte seg også, særleg til kostnadane. Kommunen har leigd inn Olav Moen frå Seljord som leiar for prosjektet. Moen meinte betring av inneklimaet vil bli det mest kostbare.
– Nå er det inntak og uttak i same rist. Det er eit gamalt system, ein varmeteknikk ein nytta på syttitalet. Om me byggjer om skulen blir kommunen nesten miljøfyrtårn, hevda Moen som fyrst ikkje ville gje eit meir konkret kostnadsoverslag på nåverande tidspunkt.
– Det er vanskeleg å seie, men eg trur det me har føreslått for dykk i dag er nær 16 millionar kroner. Det er avhengig av anbod mellom anna, men me treng ikkje gjera alt som me har foreslått her i dag. Me kan utsetje ting, eller ta det verste. Det blir ikkje bruka meir pengar enn dykk vil, sa Moen.
Forslaget inneheldt ingen planer for bygget der 1. – 4. klasse held til.
– Me treng meir informasjon og fleire innspel om dette bygget. Her må me ha meir tid, forklarte Moen.
Trass i nokre ubesvarte spørsmål uttrykte politikarar frå samtlege parti seg positivt til prosjektet og ønskjer å gå vidare med arbeidet.
– Eg må innrømme at dette var spennande, men eg lurar på om me går med fui inn i framtida utan å vita kor me hamnar. Eg stør likevel framlegget. Nå er det viktig å involvere dei som er på skulen, sa Halvor Nyland (H).
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg vil at me held fram med prosjektet, men om ikkje 16 millionar blir nok, så er det viktig at kommunestyret får vite om det slik at me eventuelt kan endre ramma. Nå ønskjer me at tillitsvalgte eller lærarar skal bli involvera, sa Solveig Nekstad Grave (Ap).
Positive lærarar, men…
Også lærarane på tilhøyrarbenken synest teikningane såg spennande ut, fortalde dei til lokalavisa.
– Om det blir slik som på teikningane er det heilt fantastisk, seier Annette Bakås.
– Ein draum, samtykker Anne Marie Midtsund Stykket.
Men lærarane er skeptiske til om ein får den skulen som var vist på teikningane for 16 millionar kroner.
– Det er eit etterslep på vedlikehald på skulen, og me har tidlegare fått beskjed om at det blir kostbart å hente inn dette etterslepet. Eg er redd for at det ikkje skal bli noko heilskapleg i dette, at ein berre får byrja litt og så blir resten ståande fordi det ikkje er pengar nok til alt, seier Inger Lise Berge.
– Barneskulen er ikkje nemnt. Den treng også oppussing, påpeikar lærar Anne Ragnhild Kvålseth Midtbøen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me etterlyser også pengar til IKT-utstyr, seier rådgjevar og lærar Hilde Metveit.
– Det er vanskeleg å forstå at forslaget står i stil med pengane som er sett av, avsluttar Stykket.