Spennande val i Vest-Telemark

Det går mot eit spennande val i kommunane i Vest-Telemark. Kven som blir ordførar og varaordførar i dei seks kommunane er uråd å slå fast før valet.

Heller ikkje valresultatet vil gje fullgodt svar. Det må nok til tingingar partia mellom før alle politiske kabalar går opp. Ingen parti har klare avtaler om samarbeid etter valet. Det finst heller ikkje naturlege samarbeidpartnarar lenger; samarbeidet kjem til å gå på kryss og tvers av gamle politiske skiljeliner. Valresultatet bestemmer tyngda til det enkelte parti i tingingane, og politiske posisjonar andre parti kan tilby blir avgjerande.

Artikkelen held fram under annonsen.

35 parti og lister stiller til val i Vest-Telemark. Folk i Vinje har åtte lister å velje mellom; SV, Ap, Sp, V, KrF, H, Frp og Bygdelista. Deretter kjem Seljord med sju; SV, Ap, Sp, V, KrF, H og Frp. I Nissedal og Tokke kan folk røyste på anten SV, Frp, KrF, H, Sp eller Ap. Kviteseid har fem lister; Ap, Sp, V, KrF og H. Fyresdølane har bare tre å velje mellom; Ap, Sp og Bygdelista.

Vinje

Ein av dei mest spennande kommunane er Vinje. Her har Ap og Børre Rønningen regjert saman med Høgre, Bygdelista og Raulandslista. Det samarbeidet gjeld ikkje etter valet. Høgre har signalisert at Ap ikkje lenger er fyrstevalet, men heller KrF og Sp. SV er heller ikkje utenkjeleg for Høgre.

Ordførar Rønningen har profilert seg godt blant innbyggjarane i Vinje, men det er tydelege samarbeidsvanskar til dei andre partia. Våre spådommar er at Rønningen må få reint fleirtal, eller fleirtal saman med Bygdelista og FrP, om han skal halde fram som ordførar.

SV hugsar tingingane etter siste val der dei opplevde å bli sett i opposisjon av Ap. Det freistar truleg ikkje til samarbeid sjølv om Ap kan tilby ein halv varaordførar i løna stilling sidan Rønningen skal ha ei delstilling som leiar i LVK.

Sterkaste utfordrar for Rønningen blir Arne Vinje (SV) og Aslak Ofte (Sp). Greier konstellasjonen SV, Sp , H og KrF å bli samde om ein ordførarkandidat trur me det blir ordførarskifte i Vinje. Det heitaste tipset er i så fall Arne Vinje som ordførar og Aslak Ofte som varaordførar.

Kviteseid

Arbeidarpartiet har hatt ordføraren dei siste fire åra i eit samarbeid med H og V. Dette samarbeidet eksisterar ikkje lenger. Karin Maria Larsen stiller ikkje til attval og ny listetopp for Ap, Bjørg Kyrkjebø Staaland, har sagt klart frå at Sp er fyrstevalet som samarbeidspartnar.

Høgre og KrF ynskjer også samarbeid med Sp. Men tingingane frå førre val blir nok hugsa. Sp opplevde det som om Høgre valde Ap før tingingane med Sp var fullførte. Sp hadde truleg vore villige til å gje Høgre ordførarposisjonen om dei hadde hatt litt meir tolmod. Høgre opplevde tingingane som om Sp mangla vilje til å forhandle og ikkje hadde noko å gje.

Skal me våge å tippe på Bjørg Kyrkjebø Staaland (Ap) som ordførar og Torstein Tveito (Sp) som varaordførar? Nest høgaste odds får ein konstellasjon med Torstein Tveito som ordførar og Gunnar Ruud (H) som varaordførar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nissedal

I Nissedal stiller nykomarane SV og Frp også liste ved valet i haust. Det spørs om det er parti som kjem til å endre det politiske terrenget monaleg. KrF har i mange år stått sterkt i Nissedal og har med seg tyngde når Øyvind Tveit, ordførar dei siste åtte åra, stiller på toppen av lista igjen. Sjølv om Ap og SV skulle gjere eit godt val, skal det litt til å vippe samarbeidspartnarane Sp, Høgre og KrF av fleirtalspinnen.

Dei tri kjem nok til å bli einige om ordføraren, som for tredje perioden på rad truleg heiter Øyvind Tveit. Både SV og Frp vil mykje truleg bli representerte i kommunestyret, som går ned frå 21 til 17 representantar når det nye trer i kraft.

Fyresdal

Bygdelista tok godt føre seg av mandata då nykomaren ved førre val var med og sette politisk historie i Fyresdal. Ap hadde hatt ordføraren i «alle tider», men måtte gje frå seg vervet til samarbeidspartnarane Bygdelista og Sp.

Bygdelista vil markere seg også ved dette valet. Spenninga ligg i om Sp ynskjer ein blåkopi av samarbeidslinja dei to hadde om toppverva i kommunen for fire år sidan. Det ynskjet trur me er vatna ut, så her kan det liggje an til ein del moro i kulissene straks valresultatet er klart.

Det har vore hestehandel på kammerset før i politikken. Etter rundar mellom partia i Fyresdal er det truleg duka for nye år med Bygdelistas Saamund Gjersund som ordførar.

Tokke

Tokke har hatt Birger Nygård (Sp) som ordførar i 14 år. Han har langt på veg makta å vera ein ordførar for alle delane av Tokke. Det er ein styrkje som kan bli avgjerande i dette valet også.

Sp er denne perioden størst med ni representantar, tett fylgd av Ap som har åtte. Høgre, KrF, Tverrpolitisk og SV har ein representant kvar. Sp har denne perioden hatt støtte frå Høgre, KrF og Tverrpolitisk. Tverrpolitisk stiller ikkje liste, men veljarane får i staden FrP som eit alternativ.

Hilde Alice Vågslid (Ap) er utfordraren til Nygård i ordførarstolen. Ho meiner tida er overmogen for eit maktskifte, men me trur den gamle ringreven Nygård greier ein knapp valsiger og får fire nye år i godstolen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Seljord

I Seljord har den tradisjonelle borgarlege blokken styrt med fleirtal denne valbolken. Høgre tok eit solid jafs ved siste val, og kom inn med sju representantar, det største partiet i kommunestyret. Ikkje uventa fekk partiet ordføraren.

Frp stiller for fyrste gong liste i Seljord, og vil mykje truleg sigle inn i kommunestyret på medvinden. Det styrkjer høgresida. Sjølv om SV òg har sigla med god bør ei tid, er det lite truleg at denne børen vil styrkje lokalpartiet særleg mykje. Dermed spår me at Edvard Mæland (H) held fram som ordførar i det nye kommunestyret.

Eit usikkert momentet er kvar Senterpartiet stiller seg. John Kleivstaul har god lyst på ein ny ordførarperiode. Fylgjer lokalpartiet linja til Sp sentralt, og avviser samarbeid med Frp, kan Kleivstaul & co gå i kompaniskap med Ap og SV, og sikre seg posisjonar.

Arbeidarpartiet lengtar ut av opposisjonsskuggen, men kjem neppe inn med større gruppe enn no. Eit frieri til Sp, med SV på slep, kan opne for toppverv – men Kleivstaulen byter neppe side utan å få ordførar-ombodet.

Med dette ønskjer Vest-Telemark Blad alle eit godt val, og nye og gamle representantar velkomne til politiske ordskifte, både i møte og avisspaltene.

Møt opp og bruk røysteretten!