Synnøve Pettersbakken (t.v.), Tone Narvesen, Pauline G. Nordbø, Jorun S. Nordbø, Solveig Røysland og Ellen Nordbø styrer Nissedal helselag vidare mot endå meir førebygging i lokalsamfunnet.
Synnøve Pettersbakken (t.v.), Tone Narvesen, Pauline G. Nordbø, Jorun S. Nordbø, Solveig Røysland og Ellen Nordbø styrer Nissedal helselag vidare mot endå meir førebygging i lokalsamfunnet.

Spenstig helselag i 80 år

Alt det førebyggjande arbeidet Nissedal helselag har gjort i 80 år kan ta pusten av ein. Helselag er viktige livsnervar i lokalsamfunna.

Det var godt frammøte då Nissedal helselag feira 80-års jubileum i lokale som den friviljuge organisasjonen disponerer saman med to andre lag på skulen i bygda. Sjølv om ein del nedskrivne fakta om helselaget gjekk med i ein brann for lenge sidan, kunne helselagsleiar Tone Narvesen lose forsamlinga inn i mykje interessant historiemateriale.

Nasjonalforeningen Nissedal helselag blei skipa 3. mars 1931 på ei tid då sokneprest Hoem heldt tale i samband med skiping av krinslag i Kyrkjebygda, Nordbygda og på Fjone. Medlemskontingenten var 50 øre per person.

Artikkelen held fram under annonsen.

Formennene for styret i kvart krinslag, distriktslækjaren, soknepresten og formannen i kyrkjelydsrådet utgjorde styret for Nissedal helselag. Det var vedtektfesta at soknepresten skulle vere formann. Sokneprest Ragnar Kalhovd hadde denne rolla frå 1932 til 1949. Då kom ei vedtektsendring slik at Margit Thamsgård blei formann, og det i dei neste seks åra.

Ordna sjukesyster

Ei viktig oppgåve for helselaget var å få på plass den fyrste stillinga som sjukesyster i Nissedal. Eit forslag om felles sjukesyster med Treungen blei forkasta i 1935.

For helselagets rekning blei Hæge Dyrås leigd inn som sjukesyster ved behov, før Torbjørg Dale (Breivik) blei tilsett. Løna var 800 kroner pluss fritt hus, lys og ved. I tillegg til at krinslaga bidrog med pengar, kom det også midlar frå Vinmonopolet.

– Det med Vinmonopolet var ei merkeleg kopling, humra Narvesen på 80-års festen.

Helselaget sytte i 1944 for at stillinga som hjelpesyster kom på plass. Tea Kåsa blei tilsett, og fekk same vilkår som sjukesyster, i tillegg til uniform og sykkel.

I 1938 fekk helselaget ordna tannrøkt for dei som ikkje kom under den kommunale ordninga. Kostnaden per barn blei finansiert av krinslaga, hovudkassa, kommunen og Vinmonopolet …

Ei god inntektskjelde var kontingenten frå medlemene i laget. I 1945 var det heile 520 medlemer fordelt på Nissedal og Fjone. Vidare har sosialdepartementet gjeve tilskot til arbeidet helselaget har gjort ved oppbygging av dei ulike helsetilboda i bygda.

Aldersbustader

Opp gjennom alle år har helselaget hatt føredrag på årsmøta, men også andre gonger. Det var temamøte om kosthald, hygiene, tannrøkt, fyrstehjelp, kreft og anna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helselaget har bidrege med mange ulike tiltak, som til dømes utstyr både til sjukepleia, kvileheimen, legekontor og kontrollstasjon i Nissedal. Vidare blei det gjeve stønad til husmorvikar og heimehjelp, og det var fire heimehjelper i 1969. I 1973 gav laget 25.000 kroner til kommunen for bygging av helseavdeling ved Jasbergodden skule.

Også innan byggjeprosjekt har helselaget tatt eit skikkeleg tak. Ved hjelp av mellom anna bingoinntekter og lån i husbanken, klarte laget å få på plass to aldersbustader i 1982. Kommunen overtok bustadene, og bygde seinare to einingar ved sida av.

Blant aktivitetane på 1980-talet ordna helselaget tilbod om fotpleie, hårpleie, eldrefestar, pensjonistturar, besøksteneste, barnevaktordning og turmarsjar. Vidare fekk laget på plass seng til heimesjukepleia, badekarheis og oppvaskmaskin til skulen.

På 1990-talet var det mange ulike aktivitetstilbod, og så fylgde ein aksjon for innkjøp av hjartestartar til ambulansen i kommunen. I den samanhengen gav Ruth Nordbø ein rosemåla kubbestol som blei lodda ut og gav 70.000 kroner i inntekter.

Sterk på førebygging

Helselaget har i fleire år servert skuleelevane Petter Puls, eit opplegg med søkjeljos på barn, kroppen og helsa. Det handlar om fysisk aktivitet og kosthald. Vidare er tiandeklassingane i kommunen med laget på demensaksjonen kvart år i september.

I alle år har Nissedal helselag samarbeida med helselaget i Treungen (er no lagt ned) og på Felle. I tillegg er det samarbeid med bygdekvinnelaget og idrettslaget i Nissedal, Kyrkjebygda oppvekstsenter og kommunen ved Trygge Nissedal.

Skulle ein ta med alt det helselaget har fått til gjennom 80 år, ville lista bli mykje lengre. På jubileumsfesten var varaordførar Øyvind Tveit ein av dei som fekk gleda av å høyre alt laget har gjort.

– Det er særleg på det førebyggjande området helselag gjer ein fantastisk innsats. Om me lykkast som fyrste kommune i Telemark å bli godkjent som Trygge lokalsamfunn, er Nissedal helselag i fremste grad med og bidreg til det, seier Tveit til VTB.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han slår fast at ein har klart å opparbeide eit trygt lokalsamfunn i kommunen, noko både helselag og andre lag har hjelpt med. Tveit ser desse friviljuge partane som viktige også i framtida.

Elles seier Tveit han eigentleg ikkje blei overraska over den lange lista på ulike tiltak som Nissedal helselag har gjort gjennom 80 år. Dei åra Tveit var ordførar, var Nissedal helselag alltid flinke til å sende han årsmeldinga.

– Då fekk eg eit klart innblikk i arbeidet, og det var morosam lesing. Laget har vore flinke i mange år, og det er også moro at helselaget i høgste grad framleis er oppegåande. Tone Narvesen har vore ei drivkraft og gjort det lettare å få andre med seg, seier Tveit.