Kulturleiar Anne Margrethe Espelid har sansen for forslag som å ha grastunell under Nisser, ei lita kabelferje over sundet eller ei bru som liknar ei tømmerrenne.
Kulturleiar Anne Margrethe Espelid har sansen for forslag som å ha grastunell under Nisser, ei lita kabelferje over sundet eller ei bru som liknar ei tømmerrenne.

Spenstige idear på dugnad

Moglegheiter for å gå under og over Nisser var blant forslaga då Nissedal kommune inviterte til idédugnad om utvikling av Sommarsletta som eit fyrtårn. Eller kva med ein folkehøgskule eller gondolbane til Skuggenatten?

Nissedal kommune har ein del år jobba med å få ein universell utforma sti, eit tilbod kvar kommune i Telemark skal ha. Uansett funksjon skal alle kunne bruke stien, som skal ha hardt dekke. Utgangspunktet i Nissedal er Sommarsletta og den gamle jernbanelinja. Eit mål er at stien på tre kilometer også skal gå langs vasskanten ved Nisser.

Stiprosjektet står noko i stampe, i vente på at det blir ferdig planar for heile området ved Nisser.

Artikkelen held fram under annonsen.

I samanheng med stien ser ein føre seg ei vidare utvikling av Sommarsletta med sitt kulturhistoriske miljø, næringsutviklinga og folkehelse.

– Sommarsletta skal bli ein møteplass og eit fyrtårn der folk stoppar langs riksveg 41. Og me vil at innbyggjarane skal bruke området. For å utvikle Sommarsletta skal me ha alt det unike, seier Anne Margrethe Espelid, einingsleiar for kultur i Nissedal kommune.

Badstue på Nisser

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har løyvd 50 000 kroner for å lage ein utviklingsplan. Vidare har kommunen hatt idédugnad der 20 personar møtte for å kome med innspel.

– Me fekk enormt mange artige innspel. Eitt av dei er å binde Sommarsletta saman med sentrum ved å ha ein tunell med gras under Nisser. Ideen er kjempegod, unik og noko folk vil stoppe og sjå på, seier Espelid.

Det kom også forslag om å byggje ei lita kabelferje der folk kan sveive seg sjølve over til sentrum. Eller ha ei bru som ser ut som ei tømmerrenne. Og kva med å ha ei badstue på det våte elementet, ein av dei største innsjøane i Noreg. Kanskje kan ein ha fiskeoppdrett i området, og ha det som næringsveg.

Møtedeltakarane hadde meir på lager: Tarzanslynge, utekino, tennisbane, stupetårn, bryggje, kafé og kantine, turistinformasjon i telegrafistbustaden, fjerne reinseanlegget, gondolbane til Skuggenatten eller Langfjell, ubemanna museum og folkehøgskule med søkjeljos på folkehelse og teknologi.

La ideane myldre

– Møtet blei skikkeleg kreativt, det likar me. Me må gjere noko andre ikkje har gjort, seier Espelid med eit smil.

Nissedølen John Øye Sanden er arkitekt og skal lage ein plan om utvikling av Sommarsletta.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Realiseringa av planen vil gå over fleire år, det kjem an på kva spenstige forslag som vil liggje i planen. Bare å la ideane myldre er kjempemoro, sjølv om det ikkje er sikkert dei blir noko av, seier Espelid.

Trygge Nissedal og kultur og næring i kommunen samarbeider om prosjektet.