Spente på vegvalet
Etter Vegvesenets presentasjon av KVU-en for Gvammen–Vågslid, er fleire av representantane frå kommunane spente på kva trasé som blir valt.
– Etter mitt syn har det vore ein bra prosess. Me veit førebels ikkje utfallet. For oss er kanskje det viktigaste å jobbe mot å få armen til Bergen på plass. Lokalt er eg oppteken av verdiskaping, og derfor vil koplinga til Bergen vere viktig, seier Seljord-ordførar Halfdan Haugan (Ap).
Viktige planprosessar
Han peikar på at kommunane må samordne eigne planprosessar slik at dei passar inn i det som blir det endelege vegvalet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det kan vere detaljar som kvar vegkryssa blir liggjande og kva me kan få til der. Er det plass til ein bensinstasjon eller kanskje ein kafé? Det er slike planar kommunane må ha i bakhovudet når valet av trasé er gjort. Me har tidlegare fæla for kva som skjer når hovudvegen blir lagt utanfor sentrum. Slik var det i Seljord også, men i dag er det vel ingen som klagar, held Haugan fram.
– Men det er sjølvsagt stor forskjell på om me snakkar om at vegen blir liggjande like utanfor sentrum i høve til milevis unna, legg han til.
Haukeli er sentral for E134
Rådmann i Vinje, Jan Myrekrok, ynskjer ikkje vere bombastisk i sine uttaler, men han peikar på kor viktig vegen over Haukeli vil vere.
– Sidan eg ikkje er politikar skal eg vere forsiktig med kva eg seier. Men målet må vere å få ein betre trasé, og at ein kan korte reisetida mellom aust og vest. For Vinje sin del trur eg me skal vente og sjå kva resultatet blir før me seier meir. Men eg er samd med mellom andre Bjørn Arne Lindskog som peikar på at vintersikker veg over Haukeli er særs viktig, seier Myrekrok.
Må stå samla
Olav Urbø, lokalpolitikar i Tokke og leiar i Telemark Senterparti, meiner det er viktig å stå samla i saka. Og han er krystallklar på at det må bli ein veg med fartsgrense på 90 kilometer i timen på det meste av strekninga.
– Det er sjølvsagt argument både for og imot dei forskjellige konsepta. Men eg trur det viktige må vere å stå samla, seier Urbø.