Stein Birger Johnsen sit i styret i Rauland turist, og seier det er fleire grunnar til at dei vel bokmål som hovudmål på heimesidene sine.
Stein Birger Johnsen sit i styret i Rauland turist, og seier det er fleire grunnar til at dei vel bokmål som hovudmål på heimesidene sine.

Språkstrid på nettet

Rauland turist sine heimesider er på bokmål. Det set sinna i kok i nærmiljøet.

På heimesidene og facebooksida til Rauland turist gjeng debatten om val av målføre. Styret har vedteke at heimesidene skal vere på bokmål, og fleire reagerer sterkt på dette. Språket er ein viktig del av kulturen i Vinje, og mange engasjerer seg i meiningsutvekslinga.

– Det er fleire årsaker til at styret har vedteke at sidene våre skal vere på bokmål, mellom anna at me har klart å få tak i ein dyktig webredaktør med relevant kompetanse, men som ikkje beherskar nynorsk. Skulle eg då tilsett ein 23-åring med erfaring frå bui i Edland i staden, fordi han eller ho kan nynorsk, spør Stein Birger Johnsen, styremedlem i Rauland turist AS.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er også slik at sidene ikkje hovudsakleg rettar seg mot lokalbefolkninga, men mot kundane våre. Dei kjem hovudsakleg frå bokmålsbrukande område og Danmark. Dei er ikkje interesserte i nynorsk, og danskane forstår heller ikkje alt. Difor kan ikkje me bruke masse ressursar på å oversetje dei 2.200 undersidene på heimesida til nynorsk. Dessutan kan alle aktørane som skriv innhaldet sitt sjølve, velje å skrive dette på nynorsk, påpeikar Johnsen, som synest det er moro at folk engasjerar seg i debatten.

– Sjølvsagt forstår eg synspunkta som kjem frå andre sida òg. Både nynorsk og raulandsdialekt er fantastisk, og på mange område brukar me nynorsk, mellom anna i nyhendebreva me sender ut kvar veke, understrekar han, og legg til at temaet har vore oppe til diskusjon nesten kvar veke sidan arbeidet med heimesida starta.

Dagleg leiar i Rauland turist, Gunn Larsen, seier dei tek innspela og debatten seriøst og vil høyre på kva alle har å seie.

– Me er stadig i dialog med kommunen, seier ho.

– Ein bør vere konsekvent

Ordførar Arne Vinje seier at dei ikkje har gjort noko politisk vedtak i kommunen når det gjeld ynskje om skriftspråk hos Rauland turist AS. Kommunen er medeigar i aksjeselskapet, og har ein representant i styret.

– Me kjem ikkje til å overprøve dette, men eg meiner det er verdifullt med debatt om målbruken i Vinje, seier ordføraren.

– Sjølv meiner eg at reiselivsnæringa i Vinje ville vere tent med at ein var konsekvent i å profilere seg på nynorsk. Det gjev eit signal om at ein står for noko og er stolt av språket sitt. Alle dei norske kundane forstår nynorsk. Det er mogleg at svenskar og danskar har større utfordringar, men då hamnar dei i den kategorien som ikkje skjønar landets språk. Då har ein eit tilbod på engelsk eller tysk, seier Vinje, som viser til Vestlandet som eit godt døme.

– Vestlandet har nokre av dei største turistattraksjonane i heile Noreg. Dei har mange fleire turistar enn oss, men der brukar dei fleste nynorsk i profileringa av seg sjølve, seier ordføraren.