Sprekingar i regnvêr
Midt på eit bratt jorde i Grungedal har nokre unge eldsjeler funne på å byggje ein sandvolleyballbane. Laurdag arrangerte dei turneringa Svalastog Open og trassa dermed vêrgudane som synte seg frå ei lite samarbeidsvillig side.
Himmelen opna seg då fyrste serven gjekk over nettet i venners venner-turneringa Svalastog Open laurdag. Det stoppa ikkje dei 22 spreke deltakarane frå å gje jernet i sanden, og dei gav seg ikkje før «King of Grungedal» var kåra.
Andre gong
Turneringa gjekk for fyrste gong av stabelen i fjor, då banen sto ferdig. Det er syskenflokken Sondre, Åse Kristin og Sigrid Dambolt Svalastog som står bak både banen og arrangementet. Dei har samla venner og kjende både frå Telemark og utanfrå til å delta i turneringa. Ingen av deltakarane såg ut til å bry seg om regnet som auste ned på banen, der dei sat trygt under presenningen i det provisoriske sekretariatet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alle deltakarane var blide og positive då bladfyken var innom.
Det gjer ingenting med litt regn, smilte Kari-Anne Strandman, klissblaut og dekt av sand etter å ha vore til pers i fyrste pulje.
Pokalen til Vestlandet
Då alle hadde spela var det til slutt Lars Korvald frå Bergen som stakk av med sigeren i turneringa, og han blei dermed krona til kongen av Grungedal. Vestlendingen fekk premiar sponsa av Glexe i Bø i tillegg til den royale tittelen. Det er kanskje godt for grungedølane at ein kongeleg tittel ikkje fører med seg nokon reell makt her til lands.
Ane Flatland frå Flatdal redda æra til Vest-Telemark ved å bli beste kvinnelege deltakar i turneringa.