Spyler leidningsnettet

Seljord kommune varslar på heimesidene sine at leidningsnettet blir spylt til veka, frå måndag til torsdag. Arbeidet blir gjort om kvelden og på nettene for å minske ulempene for brukarane.

– Det er viktig å avgrense bruk av vatn, eventuelt stengje hovudstoppekrana i tidsrommet det blir spyla. Spylinga kan gje grumsete vatn. La vatnet renne i utekrana til det er reint og reins eventuelt silar etter

Artikkelen held fram under annonsen.

på. Ein bør unngå kvitvask medan spylinga pågår, informerer Kåre Groven, teknisk sjef i Seljord kommune.

Spylinga er ein del av det nødvendige vedlikehaldsarbeidet. Det er to år sidan sist gong det blei gjort.