Stadig fleire skilsmissebarn bur hjå begge foreldra

(NPK-NTB): I tiårsperioden mellom 2002 og 2012 tredobla talet på skilsmissebarn som bur både hjå mor og far seg. Delen som bur fast hjå far er stabil, medan færre barn bur fast hjå mor.

Blant foreldre som ikkje bur saman, har delen med delt bustad for barna auka frå 8 prosent i 2002 til 25 prosent i 2012. Delt bustad er meir vanleg for barn som har høgt utdanna fedrar. Delen der barnet bur fast hjå mora, har falle frå 84 prosent i 2002 til 66 prosent i 2012.

Artikkelen held fram under annonsen.

Delen der barnet bur fast hjå faren ligg stabilt på 7– 8 prosent, ifølgje rapporten «Bustad og samvær 2002, 2004 og 2012. Endringar i ansvar og omsorg for barna når mor og far bur kvar for seg» frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Rapporten er utarbeidd på grunnlag av intervju med foreldre som ikkje budde saman i 2002, 2004 og 2012. Foreldra har svart på korleis dei har organisert busituasjonen og samværet med det yngste barnet dei har saman.