Stadig fleire studentar frå Vinje
Det er 759 personar frå Vest-Telemark som studerer på universitet eller høgskule. At talet ikkje går ned kan ein takke Vinje og Seljord for, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå.
Det var 283 115 personar frå Noreg som hausten i fjor studerte ved norske universitet og høgskular, og i utlandet. Av desse var 759 personar frå Vest-Telemark. Det kan vi slå fast etter at Statistisk sentralbyrå (SSB) nyleg publiserte den årlege oppdateringa si på mengda studentar ved universitet og høgskular i Noreg og utlandet sist haust.
Studentar frå Vest-Telemark
Statistikken viser mengda studentar etter kva bustadskommune personane hadde då dei var 16 år. Dermed kan ein slå fast, nokså sikkert, kvar studentane kjem frå – sjølv om dei studerer på helt andre kantar av landet, eller i resten av verda for den saks skuld.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er ei klar overvekt av kvinner blant dei som studerer no. Det gjeld også i Vest-Telemark, der vi av SSB-tabellane kan lese oss fram til at 481 av studentane er kvinner, mens 278 er menn. Det betyr at delen studerande kvinner frå Vest-Telemark er på dryge 63 prosent, mens delen menn er i underkant av 37 prosent.
Flest kvinner
Samanlikna med heile Noreg, så er delen kvinnelege studentar frå Vest-Telemark ein del høgare. Det viser seg nemleg at det på landsbasis er 169 282 kvinner, mens 113 833 var menn. Det betyr ei slagside tilsvarande 59,7 prosent mot kvinner.
– Tidlegare var det flest menn som studerte. Men dette begynner å bli ein del år sidan no. I 1985 var det for fyrste gong fleire kvinner enn menn som studerte på høgare nivå i Noreg, opplyser SSB på nettsidene sine.
Og det er ikkje berre delen kvinner som aukar. Også delen av heile befolkninga stig raskt.
– I aldersgruppa 19–24 år studerte kvar tredje person i Noreg. For tretti år sidan var det berre kvar åttande person i denne aldersgruppa på høgare utdanning, opplyser SSB.
Stadig fleire studerer
Det siste året har det vore ein solid auke i mengda studentar frå Noreg. Mengda gjekk opp over 10 600 berre på eitt år, ein auke på 3,4 prosent. Året før var det ein auke på «berre» 3.400 studentar. Det er ein markant forskjell.
I Vest-Telemark under eitt har mengda gått opp med berre tre studentar frå hausten 2014 til hausten i fjor. Det er ein marginal auke på 0,4 prosent. Auken skjedde berre i Vinje (+11) og Seljord (+7). Dei andre kommunane hadde nedgang, og størst var reduksjonen i Kviteseid (-15).
I Telemark var det ein auke på 380 studentar, som gir ein vekst på 4,4 prosent. Det er totalt 9.008 personar frå Telemark som studerer no.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skule-kommunane
Statistikken viser også kor mange personar som studerer i kvar kommune, og her er det sjølvsagt berre kommunane som huser universitet og høgskular som er med. Såleis er det oppført 101 plassar i Vinje, mens det i Telemark er flest plasser i Bø (2595) og Porsgrunn (2478).
Det er dryge 74 000 som studerer i hovudstaden Oslo, mens Trondheim følgjer med 35 500 studentar. Deretter kjem Bergen med 33 500, Stavanger med 12 300 og Tromsø med 11 200 studentplassar.
I denne saka kan du møte ni studentar frå Vest-Telemark.