Denne gjengen går i tredje klasse på Kvitsund Gymnas og driv ungdomsbedrift for å hjelpe andre. Frå venstre Lars Rysstøyl (18) frå Bykle, Oda Lindestad (18) frå Kviteseid, Tone Brauti (18) frå Kviteseid, Liv Yuan Reinsviki (18) frå Edland og Robin Magnushommen (18) frå Kviteseid.
Denne gjengen går i tredje klasse på Kvitsund Gymnas og driv ungdomsbedrift for å hjelpe andre. Frå venstre Lars Rysstøyl (18) frå Bykle, Oda Lindestad (18) frå Kviteseid, Tone Brauti (18) frå Kviteseid, Liv Yuan Reinsviki (18) frå Edland og Robin Magnushommen (18) frå Kviteseid.

Starta ungdomsbedrift for å hjelpe andre

Då fem tredjeklassingar på Kvitsund Gymnas skulle starte ungdomsbedrift i faget entrepenørskap, valte dei ikkje å lage eit produkt for å tene pengar. Dei ville heller tilby leksehjelp for elevar på Kviteseid skule.

­– Me kunne velje om me ville lage eit produkt eller ei teneste, og bestemte oss ganske raskt for å lage ei teneste. Me er den einaste ungdomsbedrifta her som driv med sosialt entrepenørskap, fortel Tone Brauti frå Kviteseid.

Ho har saman med klassekameratane Oda Lindestad, Lars Rysstad, Robin Magnushommen og Liv Yuan Reinsviki starta ungdomsbedrifta Lesefokus. Annakvar tysdag tek 18-åringane turen til Kviteseid skule og arrangerer leksehjelp for elevane på mellomtrinnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er bra for kommunen, og det er sosialt for elevane. Dei kan gjere lekser saman, i staden for å sitje heime kvar for seg, seier Robin.

– Me har lyst til å skape verdiar utan å tenke på økonomisk gevinst, forklarar Liv.

God støtte

Entrepenørane skryter av støtta dei har fått frå kommunen, og set pris på at dei har vore positive til prosjektet heile vegen. Dei har fått 1500 kroner i støtte frå Kviteseid kommune, og 500 kroner frå Bykle kommune som er heimkommunen til Lars Rysstøyl. Pengane har gått til innkjøp av mat til elevane. Det er nemleg ikkje berre lekser som står på programmet. Kvitsundelevane lagar også middag, og gjer rom for litt leik innimellom leksene også.

– Mange av elevane er svoltne og slitne etter ein dag på skulen, og då er det bra med litt ordentleg middag før ein gjer lekser, fortel Tone.

Responsen frå mellomtrinnselevane har vore god.

– Dei likar det veldig godt, er veldig positive, og fortel at dei vil ta med ein ven neste gong, fortel Tone og Oda.

Ungdommane fortel at dei ikkje er strenge leksehjelperar, og at barna synest det er moro at tre av dei gjekk på Kviteseid skule då dei var yngre. 18-åringane synest det er fint at dei får bruk for noko av det dei har lært gjennom snart 13-års skulegang, og meiner leksehjelp for dei yngre er ei fin oppfrisking av stoff dei har lært. Arbeidsinnsatsen hos mellomtrinnselevane har dei heller ingenting å utsetje på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei tek opp bøkane før me seier at dei skal gjere det, seier Lars. 

Nyttig i arbeidslivet

Entrepenørskap er eit ferskt fag på Kvitsund, dette er andre året dei har det på timeplanen, men alt i fjor stakk skulen av med fleire prisar under fylkesmeisterskapen. Elevane er veldig spente på korleis det går på messa i år som blir arrangert i mars.

Lærar i entrepenørskap, Sigrun Solvang, fortel at faget byr på nye oppgåver for henne som lærar også.

– Me ser korleis elevane veks med oppgåvene, dei får eit eigeforhold til produktet eller tenesta og det skapar ein eigen motivasjon. Det er kjempenyttig når dei skal ut i arbeidslivet. Det er også veldig moro at tre av dei som har valt sosialt entrepenørskap kjem frå Kviteseid, og vil gjere noko for lokalsamfunnet.