Startskotet har gått
Tysdag gav eit samrøystes Vest-Telemarkråd marsjordren for å utgreie ei kommunereform for Vest-Telemark.
For tredje gong skulle Vest-Telemarkrådet (VTR) ta stilling til å få utgreidd kommunestrukturen i regionen. Bakgrunnen er sjølvsagt regjeringas forslag om færre kommunar i landet, og krav om at alle kommunar i løpet av dei neste par åra skal ha vurdert samanslåing med nabokommunar.
VTR hadde spørsmålet oppe i mars. Då hadde mellom anna Kviteseid kommune formelt bede VTR finansiere og gjennomføre ei utgreiing om dei seks kommunane i Vest-Telemark som ein kommune i framtida.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vinje kommune hadde under arbeid ei utgreiing om føremoner og ulemper ved samanslåing i ei eller anna form. I VTR blei saka utsett i påvente av rapporten frå denne utgreiinga.
Fylkesmannen
Saka skulle så opp att i maimøtet. Men då kom det melding om at Fylkesmannen saman med KS (Kommunesektorens organisasjon) skulle skipe til oppstartkonferanse om temaet i slutten av august. Derfor blei saka nok ein gong utsett i VTR.
Tysdag var ordførarane klare til å ta stilling. Det er frå før gjeve eit mandat, der ein skisserer at VTR ønskjer å vidareutvikle og styrkje samarbeidet mellom dei seks kommunane i regionen. Hans Kristian Lehmann, tidlegare rådmann i Vinje, er prosjektleiar, og arbeidet er finansiert med 400 000 kroner i skjønnsmidlar frå Fylkesmannen.
I mandatet er det føreslege ei prosjektgruppe av ordførar eller rådmann frå kvar av kommunane.
Som grunnlag for vurderinga tysdag låg det ei orientering om kommunereforma frå prosjektleiar Lehmann. Han skriv at ein forstudie mellom anna skal sjå på avstandar – for å sjå om ein kan koma inn under den unntaksregelen som gjeld ulemper ved store geografiske avstandar, og om vidare utvikling av det interkommunale samarbeidet kan vera ein vera ein betre veg. Vidare om ein kan få det demokratiske systemet til å fungere i ein stor Vest-Telemark-kommune. Og ikkje minst: Korleis ein kan gjennomføre ei kommunesamanslåing utan at det fører til ei uønskt sentralisering.
– Forstudien skal vurdere fordelar og ulemper ved ei mogleg samanslåing, men skal ikkje konkludere, skriv Lehmann.
Prosjektgruppe
I VTR-møtet tysdag var ordførarane samde om å gjennomføre forstudien med det mandatet som var skissert. Det er ikkje veldig god tid for arbeidet, innan rådsmøte den 25. november skal resultatet liggje føre. Deretter skal kvart av kommunestyra avgjera om ein skal gå vidare med eit forprosjekt eller ikkje.
Men VTR meinte det blei for snautt med bare ordførar eller rådmann i prosjektgruppa. Begge skal vera med, vedtok dei. Dessutan vil dei trekkje inn dei tilsette i kommunane i ei referansegruppe, i praksis ein hovudtillitsvald og hovudverneombodet i frå kvar kommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Poenget med denne referansegruppa er å styrkje demokratiet i prosessen, forklarar regionrådsleiar Kjell Gunnar Heggenes.