Henry Mæland er glad for at staten betalar 2,3 millionar for arkeologiske undersøkingar på Dyrskuplassen.
Henry Mæland er glad for at staten betalar 2,3 millionar for arkeologiske undersøkingar på Dyrskuplassen.

Staten tek arkeologirekninga

Riksantikvaren fastslår at staten skal betale for dei arkeologiske undersøkingane på Dyrskuplassen i Seljord. Kostnadene er kalkulert til 2,3 millionar kroner.

Med 175 000 besøkande i året har Dyrsku’n eit stort behov for å oppgradere infrastrukturen på plassen. Dei ynskjer å byggje ny tilkomstveg og stikkvegar. Det hastar med å få utvida området i vest slik at dei kan utnytte området meir. Til no har dei fått dispensasjon for bruken av området frå år til år, men mellombelse løysingar er ikkje godt nok på sikt.

Dei planlagde vegane kjem i konflikt med gravhaugar, busettingsspor og ei skada kokegrop. Riksantikvaren gav i sommar løyve til inngrep i kulturminna med vilkår om fagleg gransking av busettingsspora. Han kravde at organisasjonen sjølv skulle betale for dei arkeologiske undersøkingane på Dyrskuplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det reagerte Seljordutstillinga Dyrsku’n på. I klaga underteikna styreleiar Kjell Sølverød og dagleg leiar Henry Mæland, blir det vist til at det ikkje er samsvar mellom inngrepet og kostnadene til dei arkeologiske granskingane. Dei peikte på at undersøkingskostnadene var meir enn dobbelt så høge som kostnadene til sjølve tiltaket. Kostnaden med stikkvegar og tilkomstveg er stipulert til 950 000 kroner, medan dei arkeologiske undersøkingane er rekna til 2,3 millionar kroner.

Triveleg jolegåve

Denne veka kom svaret:

«Riksantikvaren er enig i at dette er urimleg tyngende og vi konkluderer med at staten skal dekke utgiftene med henvisning til «særlige grunner» jf. kulturminneloven paragraf 10,» skriv Riksantikvaren.

– Dette var ei triveleg jolegåve, nesten betre enn me håpa på. Me er veldig fornøgde med at staten tek heile rekninga. Dette kan vera med på å brøyte veg også for andre. Me har fått aksept for at det var eit urimeleg forhold mellom utbyggings- og gravekostnader. For å vera ærleg kjennest det meir rett å bruke pengane på vidare utviklingsarbeid i staden for å grave i fortida, seier Mæland.

– Me har sjølvsagt respekt for historia og er positive til at kulturminna på Dyrskuplassen kan gravast fram og at kunnskapen om tidlegare verksemd på plassen kan bli kjent, understrekar Mæland, og legg til at Dyrsku’n er interesserte i å presentere historia for dei som besøkjer plassen.

Graving etter Dyrsku’n

Han seier dei no vil få til ei avtale med Kulturhistorisk museum om utgraving, og ser for seg at arbeidet kan bli gjort rett etter Dyrsku’n neste år.

– Me treng ordentleg infrastruktur. I år var vêrgudane snille med oss under Dyrsku’n, men me veit alt for vel kva bløyte gjer med plassen, seier Mæland.

Han legg til at dei 2,3 millionane nå kan brukast til utviklingsarbeid på Dyrskuplassen. Mæland skisserer fleire sanitæranlegg, betre kapasitet for minibankar, fleire grøne lommer, og betre straumforsyning som delar av utviklingsplanane. I 2014 skal dei også i gang med vinterarrangement på plassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det vil bli ein marknad med opplevingar og aktivitetar tilpassa familiar. Det blir eit påkosta arrangement som me i løpet av tre år håpar å ha 6 000 til 10 000 besøkande innanfor portane, seier han.