Stengde vegen for å opne han
Fredag var det klart for opninga av den oppussa innfartsvegen til Seljord, Ingrid Slettens veg. Med song, musikk og drama blei vegen stengt i 40 minuttar og nytta som scene.
Oppussinga av Ingrid Slettens veg er ein del av det fireårige bygdeutviklingsprosjektet «Seljord og sogene». Med ei storstilt satsing på kunst, kultur og opplevingar skal fleire besøkande lokkast til kommunen. Eitt av måla er å få dei besøkjande til å bli ein dag lenger. Prosjektleiar er plan- og næringssjef i Seljord kommune, Harriet Slaaen.
Lokalt forankra
Med vegen som scene var det unge lokale krefter som sto for det kulturelle innslaget ved opninga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vokalgruppa Les Six frå Seljord opna programmet og imponerte med fleirstemt song à capella. Sidan var det tid for songen «Ingrid Sletten av Sillejord». Den blei framført med klokkeklar stemme av Solbjørg Fangel Mo, flott akkompagnert av Håkon Aase på fiolin og programansvarleg Vidar Ytre-Arne ved tangentane.
Amit Scheffer og Oda Guleng frå dramagruppa i kulturskulen underheldt òg publikum med eit artig innslag med flagrande gevantar og levande mimikk.
Fyrste milepåle
Ordførar i Seljord sto for den offisielle opninga av vegen. Solveig S. Abrahamsen var stolt og glad over resultatet av oppussinga.
Me ynskjer at fleire tilreisande skal bli litt lenger i kommunen. I 2007 fekk me midlar til prosjektet «Seljord og sogene», og dette er den fyrste milepåle i prosjektet, sa ordføraren før ho klypte snora og opna vegen.
Landskapsarkitekt Tone Telnes frå firmaet Feste AS, ein representant frå Haugo & Draugedal Maskin AS, som har utført arbeidet, og bindeleddet til kommunen, Olav Kåsa fekk alle kvar sin blomebukett for innsatsen.
Flott, men ikkje funksjonelt
Dei nye fotgjengarovergangane på vegen frå Brøløs og ned mot Telesenteret i Seljord er laga av brustein. Dei er veldig flotte, men for rullestolbrukarar er dei eit mareritt.
Desse gangfelta har ikkje universiell utforming, og dermed held dei ikkje mål, seier nestleiar i Vest-Telemark Handikaplag, Gunvor Hegni.
Det er lagt brustein i kvitt og svart over vegen, og det ser veldig flott ut. Fugene mellom brusteinane er ikkje fylt opp, og dermed blir det litt for store gliper.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hjula på tverke
For oss som brukar rullestolar med smale hjul er det nesten heilt umogleg å kome over. Dei små framhjula slår seg på tverke, og er ein ikkje førebudd er det fort gjort å få ein bråstopp og dermed gå på hovudet i asfalten, fortel Hegni.
I tillegg til at glipene mellom brusteinane er for stor, er også fortauskantane i høgste laget. Det gjev rullestolbrukarar ekstra problem.
Det er trist at ikkje vilkåra for universiell utforming er fylgd. Hadde endå fugene blitt fylt med asfalt i høgde med sjølve brusteinen, så hadde det gått mykje betre. Likevel er brustein eigentleg lite eigna for oss rullestolbrukarar sidan dei har ujamn overflate og dermed blir det ei frykteleg risting når me fer over dei, forklarer Hegni.
Kontakt med kommunen
Ho har vore i kontakt med kommunens folk med tanke på utforminga, og ho kjem til å kontakte dei att no.
Eg er nøydd til å seie frå om dette, og eg håpar kommunen gjer sitt til at alle krav blir oppfylte. Du veit at med desse fortauskantane vil me også streve med å kome ut av gangfeltet. For blinde er slike kantar bra, men for rullestolbrukarar er det ubrukeleg, slåt Hegni fast.
Kunne delt feltet
Hegni meiner at ei viss breidde av fotgjengarfeltet kunne ha vore tilpassa rullestolbrukarar.
Dei kunne godt ha lagt ei stripe anten ved sidan av eller midt i den nye fotgjengarovergangen som passa for oss. Ikkje berre for rullestolbrukarar, men også for folk som brukar rullator eller trillar barnevogn, avsluttar Hegni.
Plan- og næringssjef i Seljord kommune, Harriet Slaaen, har vore i kontakt med ein representant frå Handikaplaget, og ho seier avtala var å prøve seg litt fram.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me blei samde om at me skulle sjå korleis dagens fotgjengarovergangar fungerte, før me eventuelt endra noko. Det mest aktuelle er då å fylle fugene med masse slik at høgda på brusteinane ikkje blir så markert. Eg oppmodar derfor representantar frå Handikaplaget til å kontakte meg snarast slik at me kan finne gode løysingar, kommenterar Slaaen.