Sterkast i Sterke-Nilstunet
Frode Rui frå Fyresdal, busett på Ulefoss, er det næraste ein kjem ein «Sterke-Nils» i våre dagar. For andre år på rad på Dyrskun viste han krefter i tunet til den legendariske kraftkaren frå 1700-talet.
Tri lyft stod på programmet, personleg rekord var målet.
Sigurd Telnes, den fremste kjennaren av sogene etter Sterke-Nils, var sjølvskriven vert og rettleiar for publikum. Mellom lyfta til Frode fortalde han om nokre av krafttaka til Sterke-Nils.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då Nils rudde plassen Langedal under Dale på Seljordshei lova eigaren av Dale at han skulle få så mykje tømmer til stoge som han kunne hogge og draga fram på ein dag. Resultatet er denne stoga som no står her i Sterke-Nilstunet på Dyrskuplassen. Sterke-Nils bygde stoga sjølv; han var ikkje bare ein kraftkar, men også ein god handverkar, fortalde Telnes medan Frode Rui gjorde seg klar og «lett» heva fyrste lyftet.
Då Sterke-Nils var utkommandera som soldat viste han òg kreftene sine ein gong heldt han att vogna til kongen; hestane kom ingen veg, men grusen spruta under hóvane, fortalde Telnes. Og Frode Rui kom fram til nytt lyft. Han måtte ha fem minutt pause mellom kvart krafttak, rettleia Sigurd Telnes.
Sterke-Nils blei boden ei karriere i hæren i Danmark. Kongen ville gjerne ha kraftkaren frå Seljordshei i tenesta si, fortalde Telnes vidare.
Men Sterke-Nils ville ikkje utan vidare takke ja til tilbodet. Om han det skulle, måtte han få med seg Anne, kona, og sonen Olav. Bod blei sendt til Langedal på Hei. Men Anne svara nei, ho ville ikkje bli dansk. Dermed sa Sterke-Nils takk for seg og drog heim til skogsus og fuglesong og nyttig arbeid.
Eg skal prøve eit personleg rekord-lyft, sa Frode Rui då han kom fram til tredje lyftet. Hjelparane hans hadde lagt på 30 nye kilo på vektstonga, som no vog 375 kilo.
Men då må eg ha hjelp av dykk, formana kraftkaren dei mange som stod rundt og fylgde rekordforsøket med spenning.
Det kom taktfast heiarop frå publikum Frode stramma beltet, knytte grepet rundt stonga, pusta godt inn nokre gonger og lyfte 375 kilo og den personlege rekorden i marklyft var heva med 10 kilo.
Det er klart inspirerande å lyfte her på Sterke-Nilstunet, med så mykje publikum til stades, sa han til Vest-Telemark Blad etter rekorden. Og kjentfolk stimla rundt kraftkaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kan det vera tilfelle at Sterke-Nils lyfte dei steinane det går gjetord om? var dei skeptiske spekulasjonane ingen kan gje rett svar på.
Låven som står her er frå Dale på Seljordshei. Det var i låvedøra på denne låven Sterke-Nils rita av handflata si, og skreiv med knivsodden «min hånd er god», fortalde Sigurd Telnes.