Fylkestannlege Tor Hildre (t.v.), overtannlege Gudmund Tveito og assisterande rådmann Tor Eivind Erikstein fylgde ordskiftet om distriktstannklinikk i Åmot i kommunestyret torsdag. Mot Arbeidarpartiets vilje opnar ein moderne klinikk i helsesenteret til hausten.
Fylkestannlege Tor Hildre (t.v.), overtannlege Gudmund Tveito og assisterande rådmann Tor Eivind Erikstein fylgde ordskiftet om distriktstannklinikk i Åmot i kommunestyret torsdag. Mot Arbeidarpartiets vilje opnar ein moderne klinikk i helsesenteret til hausten.

Sterke reaksjonar på Ap-utspel

– Det er spesielt at Roar Berg Hansen (Ap) ikkje les dei to siste setningane i e-posten han siterer frå. Eg vil kalle det uverdig, sa Jon Rikard Kleven (Sp) då Vinje kommunestyre torsdag sa ja til ny distriktstannklinikk

Før politikarane kunne røyste var det temperatur i ordskiftet. På vegne av Arbeidarpartiet kom Roar Berg Hansen med framlegg om at distriktstannklinikken for Vinje og Tokke burde vere lokalisert i Fristadsenteret. Argumentet var at det ville vere trong for arealet på helsesenteret til sjukeheimspasientar som ein konsekvens av den komande samhandlingsreforma.

– Fristadsenteret er svært interessert i å leige ut areal til ein distriktstannklinikk. Eg har vore i kontakt med Fredrik Damberg, men me diskuterte ikkje eksakt leigesum. Han sa likevel at dei takla både kostnadar og leigepris samanlikna med kva kostnadane vert på helsesenteret, fortalde Berg Hansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han understreka at Arbeidarpartiet ikkje var negativ til at distriktstannklinikken kjem til Åmot. Når Roar Berg Hansen hadde teke kontakt med Fristadsenteret, hevda han det var eit døme på kor ansvarleg Vinje Arbeidarparti er med alltid det beste for vinbyggjane for augo.

Assisterande rådmann Tor Eivind Erikstein poengterte at helsesenteret er ei god strategisk lokalisering for tannlegane.

Fagleg miljø

– Det er viktig med eit godt og nært samarbeid mellom tannlegane og legane. No kan me få nærleik til dei ulike helsetenestene og samtidig skape eit godt fagleg miljø, sa Erikstein.

Overtannlege Gudmund Tveito fortalde at han var svært nøgd med å jobbe saman med anna helsepersonell i helsehuset i Edland. Han var forbausa over lokaliseringsutspelet frå Arbeidarpartiet, og meinte at det vil vere problem med å få til noko i Vinje med den type argumentasjon som roar Berg Hansen målbar.

Fylkestannlege Tor Hildre gav politikarane klar beskjed om at distriktstannklinikken skal vere i eit tverrfagleg miljø. Det var heilt uaktuelt å ha ein klinikk i eit forretningsbygg i Åmot.

Dalen eit alternativ

– Dersom politikarane i Vinje ikkje vil ha den nye klinikken, så finst det alternativ på Dalen. Der er det i dag to tannlegekontor på helsesenteret med plass til å utvide til fire kontor. Lokalisering på Dalen er akseptabelt for oss, påpeikte fylkestannlegen.

Roar Berg Hansen karakteriserte Tor Hildres utsegn om etablering på Dalen som eit billeg argument som ikkje høyrde heime i det han kalla eit sivilisert samfunn.

Jon Rikard Kleven (Sp) konstaterte at bodskapen frå fylkestannlege Tor Hildre var tydeleg tale.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då er det meir spesielt at Roar Berg Hansen berre refererer dei øvste linene i ein e-post frå Tore Damberg 4. februar, men ikkje les dei to siste linene. Der står det nemleg at det ikkje er aktuelt for Fristadsenteret å ha ein tannklinikk i bygget, sa Jon Rikard Kleven.

Oppsiktsvekkjande

Ordførar Arne Vinje (SV) meinte det ville vere oppsiktsvekkjande å seie frå seg etablering av ein distriktstannklinikk i Åmot, slik konsekvensen vart om Arbeidarpartiet fekk viljen sin.

– Distriktstannklinikken vert eit veldig godt tilbod, som innbyggjarane vil ha både glede og pine av i mange år framover, meinte ordføraren.

Han understreka at det ikkje er Vinje kommune som avgjer kvar distriktstannklinikken skal vere. Den avgjerda tek fylkestannlegen.

Halvor Lognvik (Frp) sa han sette pris på fylkestannlegens klare tale, og at samlokalisering med andre helsetenester var det einaste fornuftige.

Halvor Midtveit (Ap) var oppteken av kostnadane for kommunen med å etablere distriktstannklinikk på helsesenteret.

– Det ser ikkje ut til at kostnadane spelar noko rolle for dei vala me tek, sa Midtveit.

Kommunestyre vedtok mot Arbeidarpartiets seks røyster å lokalisere den nye distriktstannklinikken i Åmot til helsesenteret. Den noverande tannklinikken, i etasjen over legesenteret, vert utvida og får plass til fem topputstyrte tannlegekontor. Det er kommunen som står for utbygginga til vel 6,1 millionar kroner. Fylkestannlegen skal vere leigetakar for klinikken på 312 kvadratmeter. Klinikken vil vere operativ frå hausten.