Stille att på meieriet
Nok ein gong er det stille i meierisalen på Nye Telemarkskyri Meieri i Fyresdal. Smørsalet svikta og rekneskapstala er blodraude. Dei tri tilsette er permitterte, og det er uaktuelt for Fyresdal kommune å gå inn med friske pengar til meieridrifta på Molandsmoen.
Etter konkursen kom Nye Telemarkskyri Meieri i gang att med prøveproduksjon av smør for knapt eit år sidan. Meieristyrar Terje Erik Garberg utvikla eit delikatessesmør eit godt smør som var reint og friskt som det gamle fjellsmøret. I fjor haust var produksjonen oppe i 1.800 kilo smør i veka. Marknaden, spesielt storhushaldningar og hotella, tok godt i mot smøret.
Optimismen var så stor at det vesle nisjemeieriet gjorde seg klar til ei mogeleg utviding av kapasiteten til syrning av mjølka og innkjøp av ei kinne til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då produksjonen no vart stansa låg smørproduksjonen på 800 kilo i veka som vart kinna av 1.600 liter fløyte levert av Tine. Med noverande utstyr har Nye Telemarkskyri Meieri ein teoretisk produksjonskapasitet på 2.700 kilo smør per veke.
Meieristyrar Terje Erik Garberg stadfestar at fleire uheldige omstende gjorde det vanskeleg å nå ut i marknaden med smøret. Mellom anna gjekk grossistfirmaet som skulle betene Austlandet, konkurs.
Dag Swanstrøm som eig meieriet fekk i stand ei leverandøravtale med grossisten Asko. Då var vona at salet skulle losne. Meir veit eg ikkje, seier Garberg.
God mottaking
Nye Fyresdal Meieri fekk mykje ros for smøret sitt. Fleire av dei verdskjende norske kokkane nytta smøret. Garberg peiker på at det ikkje nyttar korkje å ha verdas beste smør eller verdas beste kokkar som kundar, når salsapparatet sviktar.
Då drifta kom i gang att hadde meieriet fire tilsette, men ei stilling vart skore bort sist haust. No er dei tri tilsette permitterte inntil vidare.
Om meieridrifta kjem i gang att, kan eg ikkje svare på. Eg veit berre at Dag Swanstrøm jobbar med sikte at drifta held fram, seier Terje Erik Garberg.
Det lukkast ikkje VTB å komme i kontakt med Swanstrøm i går. Ordførar Bjørn Nome fortel at Fyresdal kommune nyleg hadde møte med Swanstrøm for å drøfte lagnaden til Nye Telemarkskyri Meieri.
Me skjønar at meieridrifta ikkje gjekk heilt på skinnar, og har fått opplyst at Swanstrøm arbeidar for å finne ei løysing som kan sikre meieridrifta eit nytt liv, seier Bjørn Nome.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ikkje kommunale pengar
Er det aktuelt å legge kommunale pengar på bordet for å få kinna i drift att på Molandsmoen?
Nei, Fyresdal kommune har ikkje meir å gje. Me kan ikkje gå inn og redde verksemda økonomisk. Til det trengst det heilt andre musklar. I utgangspunktet har meieriet fått ei god leigeavtale med kommunen om bygget på Molandsmoen, fortel ordføraren.
Bjørn Nome seier at dei sjølvsagt fylgjer godt med i kommunehuset om kva som skjer med meieridrifta. Han stadfestar at kommunen har fått opplyst at meieriet sleit så mykje med å kome inn i marknaden med smøret, at produksjonen ikkje var lønsam.
Frå kommunen si side er me veldig interessert i at meieriet lever og eksisterer, men me kan berre i avgrensa grad løyse dei utfordringane som ligg føre for å få kinna i gang att, understrekar ordførar Bjørn Nome.
Konkurs fyrste gong
Det vesle meieriet i Fyresdal vart opphavleg starta for å foredle mjølk frå telemarkskua. Bønder i Vest-Telemark som har denne kua i fjøset, gjekk inn som majoritetseigarar. Det vart då satsa på to variantar av knaost som hovudprodukt med salatost som eit mindre produkt for å få utnytta ystemjølka fullt ut. I tillegg vart det kinna smør.
Etter ei tid enda meierietableringa med konkurs. Grunngjevinga den gong var problem med å få produkta ut i butikkane. Dette har heile tida var ei uløyst utfordring som også er årsaka til manglande salsvolum og at drifta førebels er innstilt.
Ordførar Bjørn Nome peiker på at det vert tyngre og tyngre for Nye Telemarkskyri Meieri å få fotfeste i marknaden når drifta for andre gong vert stoppa og varene etter kvart ikkje vert å få tak i.
Då Dag Swanstrøm tok over drifta var han klar på at det største potensialet for å overleve og sikre lønsemd låg i satsing på eitt produkt, nemleg smør. Når smøret gav pengar i kassa ville ein vurdere ei utviding av produktspekteret. Pultostproduksjon vart då sett på som aktuelt basert på mjølk frå telemarkskua.