Det var stappfullt på konserten i Veum kyrkje sundag kveld.
Det var stappfullt på konserten i Veum kyrkje sundag kveld.

Stinn kyrkje – topp musikk

Nesten 250 møtte fram i Veum kyrkje sundag for å høyre country og bluesmusikk. At taket lyfta seg er nokså nær sanninga om ein skal døme etter applausen og jubelen.

– Hadde me visst at det kom så mykje folk hadde me nok arrangert konserten i Moland kyrkje. Men eg må vera ærleg og seie at eg ikkje i min villaste fantasi hadde trudd det skulle koma så mykje folk, sa Jan Gunnar Haugen, som har ansvaret for det musikalske.

Smakfull konsert

Han har saman med gode vener og dyktige musikarar halde mange konsertar gjennom fleire år, og då gjerne med Johnny Cash som tema. Sundagens konsert baud også på mange andre smakebitar, men framleis med country som den raude tråden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hellbillies, Tom Waits, John Anderson og andre artistar var opphavet til fleire av songane i stappfulle Veum kyrkje. Og kollekta gjekk til diakoniarbeidet i fangeleiren i Kleivgrend i Fyresdal.

– I kveld er det som det plar vera i kyrkja; fri inngang, men når du skal ut må du betale, smilte Haugen.

Takksam

Prostidiakon Eilev Erikstein var rørt over at det kom så mange til konserten. Han fortalde også at det rundt om i landet var markeringa av Reformasjonsjubileet denne dagen. Og temaet var: Mennesket er ikkje til sals.

Tor Helge Midtbø (t.v.), Jan Arild Ålandslid, Erik Evja, Jan G. Haugen, Vidar Magnushommen og Arne Bye gav dei 250 frammøtte ein konsert av høg kvalitet.
Tor Helge Midtbø (t.v.), Jan Arild Ålandslid, Erik Evja, Jan G. Haugen, Vidar Magnushommen og Arne Bye gav dei 250 frammøtte ein konsert av høg kvalitet.
Jan G. Haugen (t.v.) og Vidar Magnushommen utfylte kvarandre særs godt på konserten.
Jan G. Haugen (t.v.) og Vidar Magnushommen utfylte kvarandre særs godt på konserten.
– Det var så moro med stinn brakke i Veum kyrkje i kveld. Den velfortente applausen er ei forlenging av hjarteslaga, sa prostidiakon Eilev Erikstein.
– Det var så moro med stinn brakke i Veum kyrkje i kveld. Den velfortente applausen er ei forlenging av hjarteslaga, sa prostidiakon Eilev Erikstein.

– Det handlar om at mennesket er den viktigaste verdien me har. Eg vil gjerne at alle som er her i kveld tek bildet av den fulle kyrkja med seg heim. Dette viser eit hus i takksemd. Dei som er i fangeleiren er takksame for å sone i Fyresdal, de som bur her sonar her heile tida, smilte Erikstein.

– Det er så viktig at dei som er i fangeleiren blir lagt merke til, helsa på og tekne på alvor. For det er det som er så fint med skogsleiren – mennesket får verdi, la han til.

Dyktige musikarar

Dei musikalske godbitane kom som perler på ei snor, og dei svært dyktige musikarane gjorde konserten til ei spesiell oppleving.

– Fantastisk, veldig bra, heilt utruleg, eg er så glad for at eg var her, var nokre av godorda etter konserten.

Det er vanskeleg å trekkje fram enkelte høgdepunkt, sidan heile konserten var så bra. Dyktige musikarar under leiing av Jan Gunnar Haugen som syng og spelar svært godt, Vidar Magnushommens djupe og gode røyst, Erik Evja gitar og song, Tor Helge Midtbøs gitarspel, song og munnspel, Arne Byes basstonar og Jan Arild Ålandslid på trommer gjorde kvelden minnerik for mange.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette var uverkeleg. Me hadde vore stornøgde dersom hundre hadde kome. Men 250 – det er overveldande. Me er glade amatørar som gjer dette for å ha det moro. Og i kveld var det veldig moro, sa Jan Gunnar Haugen etter at konserten var over.