Stolt butikkmedarbeidar
Fredrik Palmork Haavelmoen gjennomførte fagprøve i butikkfaget. Han fekk best mogleg karakter, og er med rette stolt av prestasjonen. At han har Aspergers syndrom har ikkje stoppa den entusiastiske kremmaren, og dermed er solskinshistoria eit faktum.
Sjølve fagprøva gjekk over fem dagar, og det var ei femsiders prøve der eg måtte svare på mange forskjellige spørsmål som har med butikkdrift å gjere, smiler Fredrik.
Han fekk også presentert ein «case» der han måtte forklare korleis han skulle takle å få ein ny medarbeidar i bedrifta, og forklare om bestilling, mottak og sal av varer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tidleg kremmar
Det omfatta mellom anna korleis eg ville ta imot vedkomande, og korleis eg skulle få den nye til å føle seg velkomen, seier han.
At han byrja å arbeide i daglegvarehandelen var truleg ikkje heilt tilfeldig. Alt for ti år sidan starta han si eiga elevbedrift ved å selje skillingsbollar til bedrifter i Tokke.
Bedrifta heitte Skillingsbollen, og eg dreiv på med dette i fem år. Salet var om lag 100 skillingsbollar i veka, og det var moro å halde på, fortel Fredrik.
Trivst godt
Han er tydeleg stolt av arbeidsplassen sin, og ikkje minst synest han butikken har blitt flott no når han er pussa opp.
Eg ser fram til kvar einaste arbeidsdag, og trivst veldig godt her. Eg jobbar kvar einaste dag utan om laurdagar. No er opningstidene ganske utvida, og eg jobbar dagvakter. At eg har klart å skaffe meg kompetansebevis er eg også stolt av. Det er eit synleg bevis på at eg taklar jobben min, forklarer Fredrik.
Den unge butikkmedarbeidaren fekk best mogleg karakter på prøva. «Bestått meget godt», står det å lese på det skriftlege beviset til Fredrik.
Elles har han ansvaret for å levere frukt til Tokke skule og bedrifta Bergen Plastics eit par gonger i veka.
Det er ikkje berre leveringa, men bestillinga og faktureringa også. Heile den prosessen er mitt ansvar. Elles har eg mest med frukt- og grønsaksdisken å gjere i butikken, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Solskinshistorie
Tidlegare hadde butikken eigen varebil til bruk av vareutkøyring. Slik er det ikkje lenger, og det er sjeldan at det blir køyrt ut varer til kundar.
Det hender ei og anna gong at eg køyrer varer, smiler Fredrik.
For i tillegg til å ha skaffa seg kompetansebevis, har den unge kremmaren også eigen bil og leilegheit. Slik sett har Fredrik takla Aspergers syndrom (diagnose i autismespekteret) på ein imponerande måte.
At han er kremmar er ikkje vanskeleg å skjøne.
Eg har rekna ut at dersom eg bakar brød sjølv i staden for å kjøpe, vil eg frå eg blei 22 år og fram til eg fyller 73 år ha spart om lag 84.000 kroner. Då har eg teke omsyn til at brødprisane varierer, og brukt ein snittpris, forklarer han.
Dette var fagområda Fredrik måtte innom:
- Gjere greie for bedriftas eigarskap, forretningsidé og mål.
- Beskrive bedriftas organisering og kultur.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Gjere greie for arbeidsgjevars og arbeidstakars rettar og plikter.
- Ha kunnskap om bedriftas varesortiment.
- Kunne gjennomføre ei salssamtale.
- Kunne behandle ulike kundar med respekt.
- Representere bedrifta på ein god måte og utøve yrkesrolla i samsvar med dette.
- Beherske prinsippa for vareplassering og vareeksponering.
- Kunne byggje opp ei utstilling.
- Utføre varebestilling til rett tid.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ta imot oppgjer med dei vanlegaste betalingsformene.
- Bruke bedriftas kasser.
- Fylgje rutinar ved personalkjøp.
- Gjere greie for rutinar bedrifta har for å avdekke svinn.
- Føreslå tiltak som reduserar og førebyggjer svinn.
- Bruke hensiktsmessig teknologi i samsvar med rutinar og arbeidsoppgåver.
Aspergers syndrom:
- Diagnose innan autismespekteret.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Sosial kommunikasjonsforstyrring.
- Syndromet oppkalla etter den austerrikske barnelækjaren Hans Asperger.
- Det blir sagt at Albert Einstein hadde Aspergers syndrom.