Stor framgang for Senterpartiet i Vest-Telemark
Senterpartiet går fram med meir enn 10 prosent i alle kommunane i Vest-Telemark. Størst er framgangen i Vinje der partiet går fram 22,9 prosent samanlikna med valet for fire år sidan.
Fyresdal:
Brakval av Senterpartiet som går fram 20,9 prosent til 40,7 frå stortingsvalet i 2013. Arbeidarpartiet og Høgre går tilbake høvesvis 7 og 10,1 prosent.
Oppmøte: 79,4
Artikkelen held fram under annonsen.
Nissedal:
Senterpartiet fram 12,8 prosent til 24,6. Arbeidarpartiet tilbake 7 prosent til 25,6, medan KrF og Frp går tilbake høvesvis 4,2 og 2,7 prosent.
Oppmøte 79,1
Tokke:
Senterpartiet fram nesten 20 prosent frå valet i 2013 og får totalt 37,6 prosent av røystene. Det er Arbeidarpartiet som går mest tilbake (11,3 prosent) til 30,2.
Oppmøte:78
Kviteseid:
Senterpartiet fram 11,5 prosent til 26,6 prosent. Arbeidarpartiet tilbake 8,7 prosent til 23,9.
Oppmøte: 71,6
Seljord:
Senterpartiet fram 14,6 prosent til 26,6 prosent. Arbeidarpartiet tilbake 7 prosent til 22,5. KrF og Høgre tilbake høvesvis 3,6 og 2,8 ptosent.
Oppmøte: 74,7
Artikkelen held fram under annonsen.
Vinje:
Senterpartiet fram med heile 22,9 prosent til 41,7. Arbeidarpartiet tilbake med 12,2 prosent til 19,5! Høgre tilbake 5,4 prosent til 11,2.
Oppmøte: 76,3
Alt tyder på at dei borgarlege partia får fornya tillit av veljarane.