Stør postbygg med 1,2 millionar
Eit samrøystes kommunestyre i Kviteseid stør ei etablering av nytt postbygg i Brunkeberg med 1,2 millionar kroner i tilskot. Eit godt forhandlingskort, uttala utbyggjar.
Positiviteten råda då formannskapet i Kviteseid møtte til ekstraordinært møte og kommunestyret seinare på torsdagskvelden gav 1,2 millionar kroner i tilskot frå næringsfondet til bygging av framtidig omdelingssentral for Posten i Brunkeberg.
Når me fyrst har eit gullegg må me prøve å nå det medan det er der, uttala ordførar Tveito.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dette er eit veldig positivt signal, og det gjev meg eit mykje betre forhandlingskort. Eg er overraska over at det er så samla positivitet hos politikarane om prosjektet. 1,2 millionar kroner er med på å styrke investeringane, og eg håpar verkeleg me kan vinne på geografien og at Posten vel Brunkeberg nå, uttala ein glad utbyggjar, Arnt Helge Hauglid frå Hauglid Engineering AS, etter møtet.
Tilleggsnotat
Rådmann Hans Bakke hadde forma eit tilleggsnotat til saka sidan ikkje alle økonomiske utrekningar i saka låg føre då innkallinga fyrst vart sendt ut.
Dei økonomiske utrekningane kring lønsemda i prosjektet er for omfattande til å leggje fram her. I desse kalkylane ligg det og opplysningar som kan vurderast som bedriftsinterne økonomiske opplysningar som ikkje er offentlege. I alle fall ikkje nå når det enno ligg føre ein konkurransesituasjon i høve til andre lokaliseringsalternativ, sa rådmannen.
Blir dyrare
Kostnaden på prosjektet er nå justert opp frå 7,8 til 8,4 millionar kroner, som fylgje av rentekostnadar. Rådmannen omtala økonomien i prosjektet som marginal jamført søknaden.
Realiseringa er derfor avhengig av storleiken på eit tilskot, og kva forventningar ein har til inntekter etter den fyrste leigeperioden på 10 år. Søkjar ynskjer primært eit tilskot på 1,8 millionar kroner, sekundært 1,4 millionar kroner. Grunnlaget for dette er sjølvsagt for å gje akseptabel lønsemd og redusere restgjelda etter 10 år, uttala rådmannen.
Han opplyste også med bakgrunn i EØS-avtala at ein stønad på 1,8 millionar kroner vil overstige grensa for det som er «bagatellmessig stønad», difor såg dei bort frå eit beløp av den storleiken.
Gjort det før
Kviteseid kommune har ikkje gjeve stønad til så mange private satsingar, men medlemmene i kommunestyret minna om at det var politisk vilje til å stø opp om ei nyetablering på Kvitsund og ein konferansesal på Straand hotell for nokre år sidan.
Rådmannen kunne ikkje sjå at han, ut frå stoda i næringsfondet, kunne strekkje seg heilt opp mot 1,4 millionar i ei tilråding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Anslag nå tydar på at saldo ved utgangen av året er 2,9 millionar kroner. Eg er usikker på kor stor del av fondet som skal nyttast her i høve til andre søknadar som måtte kome. Me veit mellom anna at rammene for miljøgata i Vrådal er knappe, opplyste rådmannen.
Rådmannen hadde tatt utgangspunkt i ein kostnad på 10 millionar kroner inkludert moms, og gjorde difor framlegg om ei løyving på 10 prosent av kostnaden tilsvarande 1 million.
Var positive
Alle partia peika på at dette var ei positiv satsing i kommunen som kunne bere frukter på sikt både med tanke på arbeidsplassar og auka innbyggjartal.
Dette er kjempepositivt og me må gjere alt me kan for å få Posten og arbeidsplassane til kommunen vår. Det er eit viktig signal å sende til posten og andre, uttala Bjørg Kyrkjebø Ståland og la fram eit nytt framlegg frå Arbeidarpartiet om å auke tilskotet til 1,2 millionar.
Eg stør også framlegget til Ap, utan å gamble alt for mykje med næringsfondet, uttala Jon Ingebretsen (V), og dei andre medlemmene i formannskapet nikka samde.
Gunnar Ruud (H) meinte det var viktig å strekkje seg for å stø opp om prosjektet og Trygve Straumsnes (Sp) meinte det var morosamt å få vere med om Posten vel Brunkeberg som plassering for ny sentral.
Eit samla tilskot på 1,2 millionar kroner delt på 600.000 kroner i 2010 og 600.000 kroner i 2011 vart samrøystes vedteke i kommunestyret.
Sprenger fjellknaus
Ordførar Tveito orienterte også om at Haugerød og Nilsen AS som grunneigar gjekk med på avtala om å la eit framtidig bygg kome på deira eigedom dersom kommunen sprengte vekk ein fjellknause i utkanten av tomta deira.
Artikkelen held fram under annonsen.
Korleis dette arbeidet blir løyst og finansiert vil kome opp som eiga sak seinare, uttaka ordføraren.