Store forskjellar i gjevargleda
Den årlege kollekt-statistikken frå norske kyrkjer viser nærmast utrulege ulikskapar i gjevargleda blant det norske folk. I dag får du ei oversikt over mykje pengar som blei gitt i kyrkjene i Vest-Telemark. Kviteseid og Nissedal er på topp.
Kvart medlem av statskyrkja i Noreg gav i gjennomsnitt 74 kroner i kollekt eller andre innsamlingar. Eit dykk ned i «kollektposen» viser at det er særdeles store forskjellar på gjevargleda rundt om i kongeriket. Medlemene frå Kviteseid og Nissedal er med på å dra gjennomsnittet god opp, mens ein er meir gniten Fyresdal.
Kvart medlem frå Kviteseid gav nemleg i snitt 150 kroner i kyrkjeofringar i løpet av fjoråret. Dette er tre kroner mindre enn året før. I Nissedal blei gjennomsnittet på 143 kroner per medlem i fjor, noko som er ein auke på ti kroner per medlem.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vidare ser vi at Seljord hamnar på gode 91 kroner per medlem i kommunen. Så kjem Tokke og Vinje rundt gjennomsnittet med 73 kroner per medlem. Minst spandabel er folka i Fyresdal, som er nede i 64 kroner per medlem.
Store forskjellar
Det er nesten utrulege ulikskapar i landsoversikta. Heilt på topp i Noreg finn vi statskyrkjas medlemer i Hol kommune. Her kjem ein heilt opp i 582 kroner per medlem. Det skuldast i stor grad at Geilo husar mange hyttefolk som gjerne kastar ein ekstra slant i kollektposen når høgtidene blir feira. Lyngdal i Vest-Agder landar på andreplass med 534 kroner per innbyggjar.
I andre enden av tabellen finn vi Alvdal kommune i Hedmark, der medlemene nøgde seg med elleve kroner kvar. Av Noregs 428 kommunar kjem Kviteseid på 49. plass på «givartoppen». Fyresdal er sist av våre som nummer 219.
Kollekt i Telemark
Det såkalla «bilbelbeltet» på Sørlandet og i Rogaland tronar svært høgt oppe på landsoversikta. Kvart medlem i heile VestAgder gav den tydelege summen av 215 kroner per medlem i gjennomsnitt. Rogaland følgjer med 146 kroner i snitt, mens Aust-Agder kjem på tredjeplass med 130 kroner i snitt. I Telemark blei gjennomsnittet på 85 kroner per medlem i fjor. Dette er opp fire kroner frå året før. Troms kjem sist med 38 kroner i snitt per medlem.
Den kommunen i Telemark som tilsynelatande har dei mest gåvmilde kyrkjemedlemene, er Nome kommune, der snittet er på 202 kroner per medlem. Lågaste sum er det Tinn som må tole å ha. Her blei det spandert berre 44 kroner per medlem.
Blir meldt inn
Artikkelen held fram under annonsen.
Kyrkjene må innrapportere alle gåver dei mottek frå publikum. Desse blir så framstilte av Statistisk sentralbyrå (SSB) gjennom Kostra (kommune-stat-rapportering).
Totalt blei det gitt 1 111 000 kroner i kyrkjeofringar i Vest-Telemark i løpet av 2012. I følgje SSB-tala er 795 000 kroner av dette frå kollekt, mens 7 750 kroner er frå gjevartenester og 307 000 kroner stammar frå andre innsamlingar. Totalsummen er vesle 791 kroner meir enn det som blei rapportert året før.