Sjølv om det er att litt mat ennå, meiner mange det er på tide å skyte ned elgstamma for å få meir beite og betre kvalitet på dyra.
Sjølv om det er att litt mat ennå, meiner mange det er på tide å skyte ned elgstamma for å få meir beite og betre kvalitet på dyra.

Store kvotar skal få ned elgstamma

I haust er det høve til å felle 2.094 elgar i Vest-Telemark. Det er 285 fleire enn kvoterekorden for tri år sidan. Kommunane meiner stamma er for stor. Beitegrunnlaget gjer at ein kommune som Seljord aukar fellingskvoten med 40 prosent. Fyresdal opnar for å skyte flest elgar, 411. – Med haustens høge kvotar trur eg mange kjem til å gå på ein skikkeleg bom. Eg er redd for elgstamma. Dataverda har overteke vurderinga av ho, meiner Martin Kolberg, leiar i Tokke viltnemnd.

Kommunane i Vest-Telemark siktar seg i haust inn på ei ny elgforvalting. Mange meiner stamma er for stor, og at beitegrunnlaget er til dels sterkt redusert i visse område. For tri år sidan hadde kommunane ein rekordkvote på totalt 1.809 elgar. I haustens jakt har jegerane høve til å felle inntil 2.094 elgar.

Ei så kraftig nedskyting er mykje i tråd med tilrådinga frå Agder-Telemark Skogeierforening (AT-Skog). Etter oppdrag frå miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen laga AT-Skog ein rapport der konklusjonen er at elgstamma må kraftig ned. Etter det kan ein vente betre kvalitetsbeite, og betre produktivitet og kondisjon hjå elgen. Målet i rapporten er å halvere elgstamma innan fem år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Feil avskyting

Martin Kolberg, leiar i Tokke viltnemnd, ser ingen vits i å redusere stamma meir enn det som er gjort.

– Eg er ikkje einig i å ha så stor kvote som 386 dyr i Tokke. Eg er ute og vandrar og ser ikkje på nokon måte så mykje elg som før. Og mange færre elgar blir påkøyrt etter vegane. Eg trur stamma er i retur, men har ikkje fått gehør for det, seier Kolberg.

Han trur det er nok beite til elgen, og meiner feil avskyting har gjort at mange av dyra ikkje veg så mykje som før.

– Det er skote store og produktive dyr, og det gjer at elgane blir mindre. Me bør skyte endå meir kalv, seier Kolberg, sjølv om Tokke felte over 40 prosent kalv i fjor.

– Ein gjer stor skade ved å ta produksjonsdyr. Elgen får ikkje lov til å bli stor lenger. Med haustens høge kvotar trur eg mange i Telemark kjem til å gå på ein skikkeleg bom. Eg er redd for elgstamma. Dataverda har overteke vurderinga av ho, meiner Kolberg.

40 prosent auke

Fyresdal opnar for å felle flest elgar i Vest-Telemark i haust. Fellingskvoten aukar frå 336 i fjor til 411 nå. Målet er å redusere stamma med 40 prosent. Avskytinga blir kraftig endra. Eitt av storvalda i Fyresdal kan skyte 82 elgar. Ingen av dei skal vere eldre oksar og bare fire av dei kan vere ungstutar.

Seljord aukar fellingskvoten med 40 prosent frå i fjor. Denne hausten kan jegerane felle inntil 250 elgar. Kommunen har hatt ei omfattande beiteundersøking i 15 flater som viser sterk overbeiting.

– Storvalda har vore med på diskusjonen om å auke kvoten, fortel Kolbjørn Birkrem i Seljord kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei tri neste åra inneheld bestandsplanen minimum 50 prosent uttak av kalv, ungdyr og lette eldre dyr. Maks 15 prosent skal vere vaksne oksar. Planen inneber ei kraftig innstramming i forhold til tidlegare.

– Sunnare bestand lenger nord

I Kviteseid er fellingskvoten 410 elgar. Det er særleg i Vrådal og området mot Drangedal kvotane aukar mest.

– Kvoten er i tråd med ynskja til valda. Dei fleste meiner det er for mykje elg, og meiner stamma må ned, fortel Magne Skarprud i Kviteseid kommune.

– Me ser lite elg i Vinje, men det trur eg er bare fram til jakta startar. Som andre stader har me rimeleg stort beitetrykk, særleg i nedre delar. Der vil me ha ned stamma, kommenterer Lasse Mathisen i Vinje kommune fellingskvoten på 357 elgar.

Mathisen føler likevel ikkje at Vinje opplever same beiteproblema og låge slaktevekter som i andre kommunar.

– Eg trur me har ein sunnare bestand her lenger nordover, avsluttar Mathisen.

Nissedal har ein fellingskvote på 280 elgar. Av desse er det ein tilleggskvote på inntil 35 frie dyr. Leiar av viltnemnda har fullmakt til å tildele eit dyr frå tilleggskvoten for kvar melding frå eit tildelingsområde der det er felt kalv under 50 kilo eller vakse dyr under 125 kilo.

Rekordmange hjortar

Totalt er det gjeve ut fellingsløyve på 276 hjortar i Vest-Telemark, mot 239 i fjor. Tokke har størst fellingskvote, 103 dyr. Deretter kjem Kviteseid (69), Vinje (50), Fyresdal (34), Seljord (11) og Nissedal (9).