På eigedomen sin i Hauggrend har Bjørn Veum Seljevold planar om mellom anna alpinbakke, zip-line og golfbane. Nyleg hadde grunneigaren synfaring saman med næringssjef Edvard Nesland i Fyresdal kommune og sykkelentusiast Jannik Eidam frå Tyskland.
På eigedomen sin i Hauggrend har Bjørn Veum Seljevold planar om mellom anna alpinbakke, zip-line og golfbane. Nyleg hadde grunneigaren synfaring saman med næringssjef Edvard Nesland i Fyresdal kommune og sykkelentusiast Jannik Eidam frå Tyskland.

Store planar i lita grend

Internasjonal terrengsykkelpark, sykkelverkstad, alpinbakke, zip-line, golfbane og Roankroa med mikrobryggeri, bar og danseplass. Dette er planar for Hauggrend i Fyresdal.

Då tyske Jannik Eidam i fjor besøkte systera si i Fyresdal, tok den sykkelglade 36-åringen seg ein tur ut i terrenget på to hjul. Han fall for den vakre naturen, og sist haust byrja tyskaren å planleggje ein terrengsykkelpark i Hauggrend.

– Eg håpar det er mogleg å få til, seier Eidam.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grunneigar Bjørn Veum Seljevold likar planane.

– Ideen om ein terrengsykkelpark er veldig bra, og sjølvsagt kan eigedomen min nyttast til det. Eg er interessert i turisme, seier Seljevold.

Lage arbeidsplassar

Han har gard og stor eigedom i Hauggrend. Seljevold kjøpte det tidlegare butikkbygget i Hauggrend, og har gjort det om til flotte overnattingsplassar. Med til eigedomen hans høyrer ein campingplass, som passar bra for planane til fyresdølen.

Jannik Eidam blir gjerne med og byggjer opp ein terrengsykkelpark i Hauggrend. Tanken er at grenda også skal få sykkelverkstad.
Jannik Eidam blir gjerne med og byggjer opp ein terrengsykkelpark i Hauggrend. Tanken er at grenda også skal få sykkelverkstad.
I lokalet der Roankroa heldt til for ein del år sidan, blir det snart ny drift. Elgen bak Bjørn Veum Seljevold skal stå på same scena som musikkbanda.
I lokalet der Roankroa heldt til for ein del år sidan, blir det snart ny drift. Elgen bak Bjørn Veum Seljevold skal stå på same scena som musikkbanda.

Ikkje langt unna campingplassen og like ved fylkesvegen ligg bygget som for mange år sidan var Roankroa. Fram til i fjor var det ei verksemd der med verkstad og utsal av ulike varer. Ombygginga i lokalet Seljevold har kjøpt er godt i gang, og i juni opnar Roankroa att. Det skal opp eit mikrobryggeri for å servere eige, og om du vil, svært så kortreist øl. I bygget blir det også bar, scene for danseband og rom for konferansar.

Lenger vest og opp mot heia ynskjer Seljevold å få på plass zip-line, ein 500 meter lang kabel der folk kastar seg ut i sele frå toppen.

– Det blir veldig artig, seier Seljevold.

Lenger opp mot fjellet ser han i ein femårsplan føre seg eit stort alpinanlegg. På eigedomen sin har Seljevold også ein tanke om å ha golfbane. Men før ein slik idé blir jobba vidare med, er det søkjeljos på andre oppgåver.

– Eg skal lage arbeidsplassar. Det er det eg har mest lyst til av alt, seier Seljevold.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sykling på snø

Visse ting som overnattingsplassar og serveringsmoglegheiter må vere på plass ved etablering av ein terrengsykkelpark. Ved eit slikt tilbod er det krav om vaske- og oppbevaringsplass for syklar som dei mest ivrige utøvarane har betalt opp mot 100 000 kroner for. Det må også vere sykkelverkstad med sykkelmekanikar som har kompetanse og erfaring.

Desse utfordringane løyser seg fort – lokalet som trengst ligg der alt i dag, verkstadbygget inntil Roankroa. Eidam byrja som sykkelmekanikar då han var 16 år, og har etter det drive med alt frå vedlikehald av syklar til planlegging av sykkelparkar i Tyskland, Austerrike og Sveits. Han har også leigd seg ut til å jobbe for slike parkar. Vidare har Eidam opparbeidd seg eit stort nettverk på området, noko ei etablering i Hauggrend vil dra nytte av. Og blir det ein slik aktivitet i grenda, kan det også bli lagt til rette for vintersykling på snø slik at det blir tilbod om aktivitet heile året.

Sykkeldestinasjon

Det er ikkje bare Eidam som meiner det er veldig gode føresetnader for å lage sykkelpark i Hauggrend, eit tilbod som kan trekkje mange turistar til Fyresdal.

– Førebels er tanken om ein terrengsykkelpark i kartleggingsfasen. Eg ser eit interessant potensial for ein aktivitet som passar godt i Fyresdal og Hauggrend. Og me er heldige som har ein fagperson med kompetanse for å få fram utfordringane og kva som må til for å få ein park slik brukarane vil ha han. Eg har tru på at Fyresdal kan bli ein sykkeldestinasjon, seier den kommunale næringssjefen Edvard Nesland.

Det er førebels ikkje laga kostnadsoverslag eller funne finansiering for etableringa. Eidam, Nesland og ordførar Erik Skjervagen har vitja næringsavdelinga i Telemark fylkeskommune for å presentere tanken om terrengsykkelpark.

– Dei meinte ideen er kjempeinteressant, seier Nesland.

Telemark har ein strategi om å vere sykkelfylke, så slik sett passar planen til Eidam bra. Nesland fortel at næringsavdelinga i fylket kjem med ei sak til politikarane i næringsutvalet om å løyve midlar til eit forprosjekt om sykkelpark i Hauggrend.

Familieaktivitet

Tanken er at syklistane må trø til oppover før dei kan renne nedover frå Skredfjell – ein høgdeskilnad på rundt 400 meter. Det blir kuperte løyper med svingar, steinar og røter, og opparbeidinga vil ikkje koste all verda. Det er ikkje meininga å leggje inn kunstige element i løypenettet, naturen som ligg der skal syte for utfordringane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein ser føre seg at tilbodet om sykkelpark i Hauggrend også kan omfatte areal aust for Veum like ved Hauggrend, og derfor er det knytt kontakt med ein grunneigar der. Kanskje kan ein nytte både skogsbilvegar, traktorvegar og stiar i området. Målet er at parken skal ha løyper til ulike nivå slik at det kan vere ein familieaktivitet. Og kva med ein sykkeltur på grusvegen som går frå Fyresdal og over til Fjone i Nissedal kommune?

Aktuelle område å samarbeide med for parken er til dømes Vrådal, der det er sykkeltilbod i skibakken, og Treungen med det flotte sykkelstinettet på Heimdalsheia.

Treng spenning

3,5 millionar tyskarar driv med terrengsykling minst éin gong i veka.

– I øvre Tyskland er det ganske flatt, og då er det like lett for tyskarane å reise til Noreg som Alpane for å sykle. Og i Hauggrend vil syklistane få eit friare og ikkje så einsforma tilbod som i Sveits og Austerrike, der det er strenge krav og regulering til terrengsyklinga. For Hauggrend blir Tyskland ein viktig marknad. Fyresdal vil liggje sentralt i forhold til terrengsykkelparkane på Geilo og Hafjell, seier næringssjef Nesland, og tenkjer på dei som kjem med båt til Larvik, Langesund og Kristiansand.

Førebels har Fyresdal i alle fall fått tak i éin tyskar som er gira på terrengsykkelpark i kommunen.

– Eg likar meg i Fyresdal, det er flott her både sommar og vinter. Eg kan godt tenkje meg å bu her, og eg treng litt action, seier Eidam.