På eigedomen sin i Hauggrend har Bjørn Veum Seljevold planar om mellom anna alpinbakke, zip-line og golfbane. Nyleg hadde grunneigaren synfaring saman med næringssjef Edvard Nesland i Fyresdal kommune og sykkelentusiast Jannik Eidam frå Tyskland.

Store planar i lita grend

Internasjonal terrengsykkelpark, sykkelverkstad, alpinbakke, zip-line, golfbane og Roankroa med mikrobryggeri, bar og danseplass. Dette er planar for Hauggrend i Fyresdal.

Publisert Sist oppdatert

Då tyske Jannik Eidam i fjor besøkte systera si i Fyresdal, tok den sykkelglade 36-åringen seg ein tur ut i terrenget på to hjul. Han fall for den vakre naturen, og sist haust byrja tyskaren å planleggje ein terrengsykkelpark i Hauggrend.

– Eg håpar det er mogleg å få til, seier Eidam. Grunneigar Bjørn Veum Seljevold likar planane.

– Ideen om ein terrengsykkelpark er veldig bra, og sjølvsagt kan eigedomen min nyttast til det. Eg er interessert i turisme, seier Seljevold.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS