Storegutprisen kom heim
Det var ein audmjuk Bjørn Bø som mottok årets Storegutpris under Litteraturdagane i Vinje. NRK-journalisten frå Vinje er den fyrste lokale til å motta prisen for å bruke nynorsk på ein ledig og levande måte i det offentlege rommet. Kring 300 menneske vitja dei femte Litteraturdagane, noko arrangørane er godt nøgde med. Det er dette nivået det er realistisk å halde Litteraturdagane på i framtida, meiner Ragnvald Christenson i arrangørstaben.
Det var fjerde gong den etter kvart så prestisjetunge Storegutprisen blei delt ut under Litteraturdagane i Vinje. Prisen blir delt ut til personar som på ein ledig og levande måte brukar nynorsk i det offentlege rommet. Tidlegare har Ivar Eskeland, Berge Furre og Ragnhild Seltun Fjørtoft motteke prisen, men i år var det altså ein vinbyggje sin tur til å leggje neven rundt bronsefiguren som er laga av bilethoggar Kjell Grette Christensen.
Dette er ærefullt, og eg føler meg audmjuk, sa Bjørn Bø i takketala si.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den politiske kommentatoren i NRK har tidlegare arbeidd i Vinje kommune og Nynorsk pressekontor.
Det har vore lite målhets i desse institusjonane, men det kunne nok vore verre om eg hadde arbeidd i ei riksdekkjande avis, sa Bø.
Han kom naturleg nok inn på Aasmund Olavsson Vinje i takketala si. Vinje var som kjent mannen både bak soga om Storegut og den moderne journalistikken.
Praktikar
Bjørn Bø understrekar at han ikkje er ein nynorskaktivist.
Eg praktiserer normalnynorsk, sa Bø etter at festkvelden i Storeguthallen er ved vegs ende.
Korleis ser framtida til nynorsken i media ut?
Det er vanskeleg å seie, men det er mykje som trugar nynorsken. Slik som til dømes i det elektroniske rommet der det meste føregår på engelsk, sa Bø.
Men det får vera opp til språkforskarane å spå, la han til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bø har tidlegare motteke tri språkprisar for nynorskbruken sin, og Storegutprisen får plass heime i Bøgrend.
Laurdagens kulturkveld i Storeguthallen blei ein festkveld under Litteraturdagane. Gruppa Skrekk med Åse Teigland, Tone Juve, Anders Erik Røine og Camilla Granlien, underheldt ei feststemd forsamling, før Knut Buen fekk dei vel hundre frammøtte verkeleg i godlune med dei gode historiene og imitasjonane sine.
Det har blitt sagt at det er over og ut med den folkelege forteljinga. Det er berre forbaska tøyseprat. Problemet er at det er ingen som vil høyre på dei gode forteljarane, sa Buen.
Det er ei gåve å kunne setje ord på ting, la han til.
Forlat det faglege
Han trekte fram meisterspelemannen Jørgen Tjønnstaul som ein forteljar av dei heilt store.
Han aktualiserte soger til notid, og var ein meister, meinte Buen.
Han kom også inn på at det er viktig å behalde det allmennmenneskelege innhaldet.
Ein må forlate det faglege. Det er det folk har føresetnadar for å skjøne som når fram, sa Buen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Folkediktinga i fokus
Kring 300 menneske møtte fram på årets litteraturdagar. Sjølv om det er halvparten så mange som i fjor, meiner arrangøren at dette er eit realistisk tal for framtidige år.
Ragnvald Christenson, leiar for Litteraturdagane, er fornøgd med årets arrangement. Totalt har det vore innom kring 300 menneske på dei ulike arrangementa. Dette er omtrent halvparten så mange som kom i fjor, men Christenson meiner dette er naturleg.
Det er dette nivået det er realistisk å halde Litteraturdagane på i framtida, seier han.
Dei føregåande åra har det vore dei fire lokale forfattarane som i tur og orden har stått i sentrum for det populære arrangementet i Vinje kommune. Aasmund Olavson Vinje, Halldis Moren Vesaas, Aslaug Vaa og Tarjei Vesaas har alle vore hovudpersonar kvart sitt år. Årets Litteraturdagar stod ovanfor ei stor utfordring for val av tema, før dei fall ned på folkediktinga.
Me har fått gode tilbakemeldingar. Det at enkelte kjem att kvart år er eit kompliment i seg sjølv, seier Christenson.
Dugnadsånd
Han konkluderer med eit vellukka arrangement og ynskjer å trekkje fram dei mange friviljuge som stiller opp for at arrangementet skal gå av stabelen år etter år.
Utan støtta frå bygdefolket hadde det vore umogleg å arrangere Litteraturdagane, seier Christenson, som karakteriserer dugnadsånda som gull verdt for arrangementet.
Det einaste som skapte litt problem var at mange meldte seg på i siste liten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er fantastisk flott at folk kjem. Men det at det kjem såpass mange ettermelde gjer at det blir vanskeleg med tanke på mat, og det er ikkje sikkert alle då får det dei har betalt for, seier Christenson.
Skar og Berge
Det var altså folkediktinga som stod i fokus då dei femte Litteraturdagane i Vinje blei arrangert i helga. Ordførar Arne Vinje fekk æra av å opne arrangementet på Vinjar fredag. Same kvelden snakka Magne Myhren om Rikard Berge, medan forfattaren Paal Helge Haugen tok føre seg Johannes Skar. Musikalsk bidrog Hill Romtveit, Halvor Håkanes og Trygve Vågen.
Opningskvelden blei stemningsfullt avslutta i Vinje kyrkje der Sondre Bratland song delar av Draumkvedet. Han trekte fram tri verk innafor visjonsdiktinga i Europa, og meinte Draumkvedet var eitt av desse.
Korleis det har overlevd i generasjonar i Vest-Telemark er eit mysterium. Det var eit teikn på visdom å kunne Draumkvedet, og Rikard Berge har sagt at det er ingen som kan alt, men svært få som ikkje kan noko, sa Bratland.
Draumkvedet er noko av det eldste vokalstoff i vår kultur, sa han vidare.
Laurdag var det eit tettpakka program i Edland. Professor Gro Steinsland tok for seg Draumkvedet i eit religionshistorisk perspektiv, medan professor Olav Solberg såg på norsk folkedikting frå tradisjon til tekst. Elles snakka Sigurd Telnes om forteljartradisjonar, Aslak Høgetveit om eventyr og Guttorm Ragdaberg tok føre seg forteljarkunst frå Hardanger.
Gruppa Skrekk baud på skillingsviser, og Ingebjørg Harman Braltland avslutta med ballader.
Sundag var det omvisning til stadar som har tilknyting til Storegut.