Storkosa seg på kunstkafé
Elevane ved Tveit skule i Treungen kosa seg med vakker kunst, saft og kjeks på kafé.
I kunst- og handverksalen på Tveit skule er det stilt ut mykje flott. Fleire bord er sett opp under glaskarmane som er fylte med kunst i ulike fargar, formar og materiale. Vindauga er dekka med ulike teikningar i flotte fargar. 1. til 10. klasse har laga mykje forskjellig, og i dag får dei vise fram arbeidet sitt på kunstkafé for elevane og lærarane på skulen.
– Hei alle saman og velkommen til kunstkafé. Her inne har me samla noko av det elevane har laga dette skuleåret. Når ein er på kunstutstilling er det viktig at me ikkje tar på noko, då kan det gå sund. Som på alle andre kafear har me servering, og i dag får de både saft og kjeks som de kan kose dykk med. Eg vonar at de brukar god tid på å sjå på det flotte alle elevane her på skulen har laga, seier lærar i kunst og handverk, Karin van Zijp, i det ho slepper inn ei gruppe elevar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Noko for ein kvar smak
Medan nokon forsvinn rett bort til bordet med saft og kjeks, går andre rundt i romma og beundrar. I det eine hjørnet står ein stor figur som ruver i romet. Figuren er om lag ein meter høg, og ståande på eit bord blir den kjempestor, spesielt for dei minste elevane frå småskulen.
– Oi, oi, sjå på den! Så stor, også så fin. Tenk at det går an å lage ein slik ein. Eg undrar korleis det har blitt laga, seier Mona Tveit i fyrsteklasse, medan ho i lag med fleire frå klassa beundrar figuren med store auge.
– Tenk når me skal lage slike. Det blir veldig moro, men vanskeleg, trur ho.
På kunstkafeen er det noko for ein kvar smak. Ulike teikningar, maskar, spikerbilete, strikka bamsar, fuglekassar, og mykje meir.
– Eg synest det er moro å vise fram breidda i det me gjer i kunst og handverk. Det er fint å gjere litt stas på elevane ved å lage ei utstilling av det dei har laga, særleg dei i 10. klasse som har hatt eit så stort prosjekt. Dei får vitnemåla sine denne veka, og utstillinga blir ståande slik at dei får vist det fram til familien, seier van Zijp.
Nora Skarpodde Sundsli (15) og Ingvild Tveit (14) i 9. klasse står lenge og studerer det som elevane i avgangsklassa har laga. Dei blar i ein perm med ulike karikaturteikningar av mellom anna dronning Elizabeth, Putin og Donald Trump. Neste år er det dei sin tur.
– Det er utruleg mykje fint her. Alle elevane har vore flinke. Eg er veldig imponert over det dei på småskulen har laga. Dei er ikkje så store, men har laga mykje fint. Det som 10. klasse har laga skil seg veldig ut, og er imponerande, seier Nora.
– Kva likar de best?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg likar godt teikningar. Me hentar litt inspirasjon til neste år. Då er det vår tur, seier Ingvild.
«Den dansande mannen»
To elevar i 1. klasse står tett saman rundt nokre teikningar som heng på veggen. Dei har teikna «den dansande mannen». Det er tydeleg at dei er stolte, og likar å sjå teikningane sine på veggen. Dei studerer nøye og pratar saman.
– Sjå på teikninga mi, var ikkje den fin?
– Jo, men eg likar teikninga mi best. Din er litt fin den au altså.