Stornøgd biskop heim frå Kviteseid
Det var ein vel nøgd biskop Olav Skjevesland som sundag avslutta visitasen i Kviteseid og køyrde heim til Kristiansand. I løpet av nokre travle dagar har biskopen vore over alt i soknet, og i fylgje han sjølv møtt mykje godvilje.
Visitasen, som er den første i Kviteseid sidan 1992, blei avslutta med visitasgudsteneste sundag i Kviteseid kyrkje.
Biskopen hadde preika og tok utgangspunkt i apostelen Peter då han avgjorde kven han skulle tru på. Peter valte å fylgje Jesus, og Olav Skjevesland oppmoda kyrkjelyden og alle andre til å ta ut trua og ikkje gøyme ho bort for omverda.
Artikkelen held fram under annonsen.
I visitasforedraget han hadde i kyrkja etter gudstenesta, gav biskopen tydeleg uttrykk for at han var vel nøgd med tilstanden i Kviteseid. Han trekte mellom anna fram at kommunen har eit uvanleg rikt tilbod innan kristne aktivitetar. I så måte meinte han at Kvitsund er ein viktig motor og inspirasjon i det kristelege arbeidet.
Fredag ettermiddag møtte biskopen ungdomen på Misjonshuset i Kviteseid. Her fekk han ei grundig innføring i det varierte tilbodet ein har til dei yngre. Mellom anna fekk han høyre om ei gruppe kristen ungdom som er rundt om i andre bygder i Vest-Telemark med ungdomstilbodet. I Kviteseid er det seks ulike kristne lag som jobbar aktivt for å gje dei unge eit tilbod.
Alle unge velkomne
I Misjonshuset er det både biljard, fotballspel, bordtennis, dans og drama og god mat, og ein kort andakt. Tilboda er lagt opp slik at ein ikkje treng å vere kristen for å delta.
Det er viktig med god mat. Lekamen skal også ha mat, og ikkje berre ånda, repliserte biskopen under orienteringa frå dei unge eldsjelene.
Skjevesland ville gjerne høyre om det var vanskeleg å selje inn den kristne bodskapen til dei unge, og om kristendom har vorte ei sak for jenter.
Dei unge stadfesta at når det møtte fram 20 til ei tilskiping, så var det gjerne berre to gutar i Kviteseid. Yngres i Vrådal har derimot gutar i fleirtal, medan Fjågesund Yngreslag opplever eit enormt frammøte. Der kjem nesten alle skuleungane på møta.
Biskopen imponert
Dette er bra og veldig flott å høyre. Hald fram med det verdfulle arbeidet de driv. Eg vonar de kjenner det meiningsfullt å vere med på å utløyse ei positiv interesse hos dei unge. Det er viktig å ha eit språk for trua, meinte biskopen og siterte Paulus: «Eg veit kven eg trur på». Det dreiar seg om tanke, hjarte og handling, sa Olav Skjevesland.
Breiare fellesskap
I møtet spurte sokneprest Kjell Arne Norum om ungdomen hadde nokre ynskje om kva dei vaksne kan gjere for å få til eit breiare fellesskap. Invitten fekk positiv respons, då dei frammøtte ungdomane kjente seg visse på at dei har mykje å lære av dei litt eldre. Dette vil no bli fylgt opp for å få til eit godt samarbeid mellom generasjonane i det arbeidet som skjer i Kviteseid sokn.