– Større enn å vinne i lotto
Hans Eivind Ormestøyl frå Lårdal trudde nesten ikkje det han såg. På ein halvtime skaut han ein 15 taggars hjort og ein 15 taggars elgokse på same post.
– Det skal jo eigentleg ikkje gå an. Dei andre i jaktlaget trudde ikkje på meg då eg sa det i jaktradioen.
Du skal leite lenge etter ein meir fornøgd jeger frå denne elgjakta. Hans Eivind Ormestøyl har jakta kvart år sidan 1974, men aldri har han opplevd liknande enn dei 30 heilt spesielle minutta sist veke.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hadde ikkje trua på posten
– Eg fekk ein post eg ikkje hadde trua på i det heile teke. Det var vanskeleg å sjå, og eg sette meg ned ved stien. Etter ti minutt dukka kronhjorten opp. Fyrst fekk eg ikkje tak på han, men så stoppa han mellom to bjørker og då gjekk han rett ned. Eg var vel 30 meter frå, fortel Ormestøyl.
Hjorten var ein 15-taggar og vog 100 kilo.
– Eg har skyte fleire store dyr, men aldri ein hjort med så fint gevir. Det var stort i seg sjølv.
Men det stoppa ikkje der. Ti minuttar seinare dukka ei ny sjanse opp.
– Då kom ein piggokse rett framfor meg. Me hadde berre eit dyr igjen på kvoten og eg bestemte meg for ikkje å skyte. Eg ville vente på større dyr, fortel Ormestøyl, som ikkje trengte å vente lenge på ny sjanse.
– Det gjekk eit kvarter til og då kom den store oksen. Eg skaut, men var litt usikker på korleis eg hadde treft og beina opp til oksen. Der låg den steindau mot ei gran, fortel Ormestøyl med eit glis som nærmast går gjennom telefonen.
Ikkje troféjeger
Artikkelen held fram under annonsen.
Resten av Støylsdalen jaktlag trudde ikkje på han før dei fekk sjå oksen.
– Det skal ikkje gå an, sa dei berre og flira. At eg skulle få ein slik elgokse like etter kronhjorten, det trudde dei ikkje på. Dei blei glade og nok litt misunnelege då dei såg han, ler den heldige jegeren.
Posten som skulle vise seg å vere tidenes beste for Ormestøyl, var like ved stigen du kjem ned på om du tek av frå Lårdalsstigen ned til Støylsdalen og ikkje fortset heile vegen ned til bygda.
59-åringen som er utflytta lårdøl og har budd på Toten dei siste 26 åra, meiner han ikkje er nokon troféjeger.
– Nei, og ikkje nokon kjøtjeger heller. Men dette var større enn å vinne i lotto altså. Eg skreik og jubla høgt då eg såg elgoksen låg der, seier Ormestøyl.
Jaktlaget i Lårdal starta elgjakta måndag 25.september og var ferdige med kvoten på fem dyr etter tre dagar.