Stiftingstilsynet sletta heftinga i gåvebrevet om bygdetun på Bakka-eigedomen til Halvor Grimstvedt (t.v.). Her er han i samtale med Thor Oddvar Rekvik som under kommunestyremøtet i mars føreslo å sette summen til 100.000 kroner om heftinga blei borte.
Stiftingstilsynet sletta heftinga i gåvebrevet om bygdetun på Bakka-eigedomen til Halvor Grimstvedt (t.v.). Her er han i samtale med Thor Oddvar Rekvik som under kommunestyremøtet i mars føreslo å sette summen til 100.000 kroner om heftinga blei borte.

Strauk Bakka-hefte

Stiftingstilsynet har sletta den 20 år gamle heftinga i gåvebrevet frå Jon Traae om at eigedomen Bakka i Nissedal skal vere bygdetun. Tilsynet forstår kommunen og Bakka-eigar Halvor Grimstvedt slik at formålet ikkje lenger let seg etterleve. – Eg ser no saka som ute av verda, og det er eg glad for, seier Øyvind Tveit, ordførar i Nissedal. – Denne historia har vore lang nok. Eg skal betale 100.000 kroner ganske snart, seier Halvor Grimstvedt. Det er summen kommunestyret vedtok at grunneigaren må betale til allmennyttige føremål i Kyrkjebygda, om heftet blir stroke.

Halvor Grimstvedt overtok Bakka gard i 1998, etter at drifta av Nisseheimen på eigedomen gjekk i vasken. Med seg på kjøpet fekk den nye eigaren ei hefting om at Bakka skulle bli bygdetun; eit krav Jon Traae sette i gåvebrevet frå 1985 om kommunen overtok eigedomen hans.

For å gjere ei lang historie kort; Grimstvedt etablerte ikkje noko bygdetun på Bakka, noko lokalpolitikarane tok endeleg konsekvens av i mars i år. Kommunestyret var forsynt av den langvarige saka, og eit fleirtal valde å seie ja til Grimstvedt sitt tilbod om 100.000 kroner viss heftingane i gåvebrevet blei sletta. Utgangspunktet til formannskapet var 600.000 kroner. Like før sluttbehandlinga i kommunestyret kunne Nissedal-ordførar Øyvind Tveit gå med på 250.000 kroner som absolutt minstesum. Han meinte det var gale at verdiauken på eigedomen etter at heftinga var borte, skulle tilfalle grunneigaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saka ute av verda

Nissedal kommune har no fått svar på førespurnaden til stiftingstilsynet om det er mogleg å slette heftingane i gåvebrevet av 20. februar 1985 frå Jon Traae.

– Stiftingstilsynet forstår kommunen og Grimstvedt slik at formålet ikkje lenger let seg etterleve. Å drive bygdetun vil vere alt for kostnadskrevjande, skriv tilsynet, og konkluderer med å oppheve vilkåra i det over 20 år gamle gåvebrevet.

– Eg er ikkje overraska over vedtaket til stiftingstilsynet. Kommunestyret forheld seg til Grimstvedt sitt tilbod om 100.000 kroner om heftinga blir sletta, og eg reknar med at summen blir betalt inn. Eg ser saka som ute av verda, og det er eg glad for, seier ordførar Tveit.

– Denne historia har vore lang nok, og eg er glad for vendinga som har kome. Og er elles stolt av politikarane som såg at ein måtte bli ferdige med saka. Eg skal betale 100.000 kroner ganske snart, seier Halvor Grimstvedt til VTB.

Ettersom gåvebrevet er oppheva, blir Grimstvedt friteken for vilkåra i avtala med Nissedal kommune frå 1998. Erstatningsbeløpet på 100.000 kroner er ei følgje av at avtala ikkje er oppfylt, og pengane skal gå til allmennyttige føremål i Kyrkjebygda.