Lotte Næss, arealplanleggjar i Vinje kommune, håpar på ei løysing, sjølv om både Statens Vegvesen og Fylkesmannen har retta motsegn mot kommunedelplanen.
Lotte Næss, arealplanleggjar i Vinje kommune, håpar på ei løysing, sjølv om både Statens Vegvesen og Fylkesmannen har retta motsegn mot kommunedelplanen.

Strid om byggjegrense

Statens Vegvesen godtek ikkje ei byggjegrense i Raulandsgrend på 12 meter frå vegen, og har retta motsegn til kommunedelplanen for Rauland.

I framlegget til kommunedelplan for Rauland er det i kartutsnittet for Raulandsgrend lagt inn byggjegrense mot riksvegen 12 meter frå midten av vegen. Arealplanleggjar i Vinje kommune, Lotte Næss, er klar på ynsket frå kommunen om ei byggjegrense på 12 meter.

– Me vil markere Raulandsgrend som ein stad, og ynskjer å ha bebyggelsen nærare vegen, seier Næss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Statens Vegvesen har fleire gonger påpeika at dei ikkje aksepterer denne grensa, og har no retta motsegn mot kommuneldeplanen.

Aksepterer 25 meter

– Me kan akseptere at byggjegrensa blir sett inntil 25 meter frå midten av riksvegen, skriv dei i eit brev til kommunen, der dei også minner om den generelle byggjegrensa i veglova på 50 meter. Vegvesenet viser til lova som tek omsyn til trafikktryggleik, støy/miljøplager frå trafikken, omsynet til eventuelle vegutbetringar og drift og vedlikehald av vegen. Dei peikar på at i høgareliggjande strok som Rauland vil det kunne bli problem knytt til snørydding med bygningar tett til vegen.

– Også støy frå trafikken må det takast omsyn til. Vi veit at ein god del tungtrafikk nyttar denne vegen retning mellom Rjukan og Vestlandet, og me må rekne med ein generell auke av biltrafikken i åra framover, skriv Vegvesenet, som seier dei har strekt seg så langt som dei meiner er forsvarleg for å imøtekome kommunen.

Møte om saka

Lotte Næss meiner ikkje argumenta som blir vist til er tungtvegande nok, og håpar at Vegvesenet gjev seg på kravet om byggjegrense på 25 meter. Partane skal no drøfte temaet i eit møte.

Vegvesenet har også retta motsegn fordi det ikkje er lagt opp til nok parkeringsplassar knytt til verksemder ved riks- og fylkesvegar i området, og dette har planutvalet i Vinje vedtatt å ta omsyn til.

Også Fylkesmannen rettar motsegner

Det har kome inn fleire motsegner i samband med at framlegget til kommundelplan for Rauland har vore på offentleg ettersyn. I tillegg til dei to motsegnene frå Statens Vegvesen har også Fylkesmannen retta motsegner. Planutvalet ynskjer ikkje utan vidare å godta motsegnene, og kommunen skal i møte med Fylkesmannen og drøfte saka.

Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen har retta motsegn til planane om å leggje til rette for næring på 41 støylsområde. Dei etterlyser konsekvensar av utbygginga, og viser til at resultatet kan bli mange små hyttefelt, og at ein bør setje tak på utbygginga.

Fylkesmannen har også retta motsegn til kommunedelplanen når det gjeld omfanget av spreidd yrkesbygging i LNF-område, og omfanget av bustadbygging i LNF-område. Dei krev tal på kor mykje som kan tillatast omdisponert og bygd, og vil sikre at det ikkje blir utbygging i stort omfang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lotte Næss understrekar at kommunen og Fylkesmannen ikkje står så langt frå kvarandre.

– Me satsar på å bli einige i møtet, seier ho, og signaliserer at møtet blir i løpet av dei tri neste vekene.

Det er også kome mange merknader til kommunedelplanen, men kommunen ynskjer å gjere seg ferdige med motsegnene før dei går vidare.