Strikkar for å redde barna
Når elevane ved Brunkeberg skule strikkar har dei fokus på ein ting: Å hjelpe ungar som ikkje har det like godt som dei.
På pultane ligg det garn. Garn i sterke fargar som skal gjerast om til små, firkanta lappar. Somme av elevane er godt i gang og sit og puslar med spitet. Ungane er oppmerksame. Dei tel masker og hentar opp att masker som har falle av. Somme av ungane meiner strikketøyet deira er for stramt. Andre att synest dei strikkar for laust. Hjelpsame kvinner frå bygdelaget og lærarar viser korleis ein skal leggje opp og felle av. Korleis ein skal hente inn att dei tapte maskene. Og korleis ein eigentleg skrikkar, om nokon skulle gløyme det.
Dei er flinke. Både jentungane og gutungane. Jentene kan nok litt meir frå før, men gutane er viljuge til å lære. Og høyr kor stilt det er når dei spitar. Ein treng ro når ein skal konsentrere seg om handarbeid. Det er nok godt for ungane også. Å vere litt rolege, trur Margit Berge og Anne Versto Edvardsen frå Morgedal Bygdekvinnelag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Moro å strikke
I fleire år har Brunkeberg skule hatt samarbeid med Morgedal Bygdekvinnelag. Tidlegare i haust lærde bygdekvinnene elevane å lage jordeplegraut. Nå er det strikking som står på programmet. I løpet av nokre timar dei siste tri torsdagane, skal dei 18 elevane i fjerde-, femte-, sjette- og sjuandeklasse strikke mangfaldige lappar som skal saumast saman til eit fargerikt teppe. Teppet skal loddast ut fredag 17. oktober, og inntektene går til årets TV-aksjon for Redd Barna.
Eg synest det er moro å strikke, seier Anne Barstad Bjåland.
Det synest eg òg. Og så synest eg det er bra at pengane går til ungar som treng hjelp, supplerer Katrine Gåsdalen Volhovd.
Det er stille i rommet. Anne og Katrine konsentrerer seg. Før dei kjem på at dei vil fortelje eit par ting til.
Me lærer faktisk noko av å strikke. Me lærer noko meir enn bare å strikke, altså. Me lærer å samarbeide med dei andre elevane og dei vaksne. Og så lærer med å vere stille. Ein treng ikkje prate heile tida. Det er litt godt å ha det stille rundt seg av og til, seier Anne og Katrine.
Ikkje alle gutane er einige i at strikking er stas.
Å strikke er ikkje det artigaste eg veit om akkurat. Mamma har nesten strikka alt for meg. Ho hjelper meg mykje når eg har med strikketøyet heim, avslørar ein av gutungane.
Bruk ressursane i bygda
Lærarane Anlaug Kråkenes og Irene Fjær er strålande nøgde over samarbeidet med elevane, bygdekvinnelaget og foreldra.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjølv om ikkje alle ungane synest strikking er like moro heile tida, er dei læreviljuge. Mange av ungane tek til og med strikketøyet heim og puslar med det på ettermiddagen, fortel Anlaug Kråkenes.
Kråkenes og Fjær meiner det er viktig å bruke ressursane som finst i bygda.
Kvinnene i bygdekvinnelaget sit med ekspertisen når det gjeld strikking. Det er gull verdt at dei ynskjer å ause av kunnskapen sin til nye generasjonar. Når det er sagt, handlar dette prosjektet om meir enn strikking. Det handlar også om at me ynskjer å hjelpe nokon som treng hjelp, samtidig som ungane får kunnskap om kor krevjande det er å lage noko med hendene. Me ynskjer at dei små får respekt for andre menneskes arbeid ved sjølv å erfare kor mykje arbeid som ligg til grunn for eit produkt. Me ynskjer at dei skal verdsetje eit handlaga produkt, seier Irene Fjær.