Før sommaren blir det truleg avgjort om Vest-Telemark kraftlag sin driftssentral og oppgåvene knytt til denne blir flytta frå Høydalsmo til Porsgrunn.
Før sommaren blir det truleg avgjort om Vest-Telemark kraftlag sin driftssentral og oppgåvene knytt til denne blir flytta frå Høydalsmo til Porsgrunn.

Styrets ja - for å arbeide vidare med avtale

- Men me sa ikkje ja til å flytte driftssentralen. Me sa ja til å få alle opplysningar på bordet slik at me kan vurdere kva innstilling me vil kome med overfor generalforsamlinga, seier styreleiar Erik Skjervagen.

I desember var det eigarskapsmøte i Vest-Telemark kraftlag. Eigarkommunane og styret diskuterte både føremoner og bakdelar ved å la driftssentralen i Høydalsmo og tilhøyrande oppgåver bli fasa ut til Skagerak Nett AS. Konklusjonen blei at eigarane, dei seks kommunane i Vest-Telemark, ville ha saka til øvste hald, altså til generalforsamlinga.

Strengare krav

Argumenta for ei utfasing gjekk i stor grad på økonomi. Administrerande direktør i VTK, Ketil Kvaale, meinte ein ville spare rundt 3 millionar kroner i året ved å flytte oppgåvene. Han var også tydeleg på at det ville bli svært kostbart dersom VTK sjølve ynskte å halde fram med driftssentralen, sidan dei då må fornye den digitale plattforma. Men Kvaale hadde ikkje gjort konkrete kostnadsoverslag med tanke på dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei som var imot ei flytting meinte mellom anna at den lokale kompetansen og kunnskapen vil bli borte med ei slik flytting.

– Røysta ikkje for flytting

På måndagens styremøte, som blei halde i Skagerak sine lokale i Grenland, blei det uavgjort fire mot fire røyster for eit ja eller nei for å gå vidare med ei eventuell avtale med Skagerak Nett. Styreleiar Erik Skjervagen røysta for, og dobbeltrøysta hans avgjorde.

– Er det ikkje slik at du meiner ein må jobbe for å få fleire kompetansearbeidsplassar til Vest-Telemark, og kvifor røysta du i så fall ja?

– Det er viktig å hugse på at fleirtalet i styret, med mi dobbeltrøyst, ikkje røysta ja til å gje frå oss oppgåver eller arbeidsplassar. Me røysta over om me skulle gå vidare eller ikkje med arbeidet om ei avtale. For å finne ut kva me eventuelt seier nei til, treng me fleire opplysningar. Ikkje minst må me vite kva det vil koste å oppgradere den digitale plattforma viss me beheld driftssentralen og oppgåvene sjølve. Me må i større grad ha eit grunnlag for å kunne samanlikne alternativa, seier Skjervagen.

Prinsipielt imot

Han presiserer at kompetansearbeidsplassar er noko han brenn for, og at ei eventuell flytting av oppgåver er stikk i strid med det han står for.

– Næringsutvikling, lokalt sjølvstyre og lokale kompetansearbeidsplassar betyr særs mykje for meg, og prinsipielt sett er eg imot å gje frå oss arbeidsoppgåver. Men som ansvarleg styreleiar må eg sjå på økonomien og effektiviteten i selskapet. Styresmaktene gjev oss strammare vilkår, og aukar effektivitetskrava overfor nettselskapa, forklarer han.

– Generalforsamlinga skulle vore neste veke, kva skjer no?

– No må styret få alle tal og opplysingar på bordet før det er noko poeng i å halde generalforsamling. Styret skal kome med ei tilråding til generalforsamlinga, og då må me vite meir fyrst. Eg håpar saka har vore i generalforsamlinga innan sommaren, svarar styreleiaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis må reknestykket sjå ut før du gjer eit val om å flytte eller behalde driftssentralen i Høydalsmo?

– Det må vere ein vesentleg forskjell i kostnader dersom eg skal røyste for ei flytting, svarar han.

– Kva er vesentleg?

– Det kan eg ikkje svare på før me har alle tala på bordet. Eg har lyst til å presisere at det er mitt ansvar som styreleiar at selskapet blir drive best mogleg. Kva eg står for politisk er kjent for dei fleste. Så dette er ei vanskeleg sak for meg, seier Skjervagen, som er Ap-ordførar i Fyresdal.

Rauland Kraftforsyningslag sa nei

Dersom ei avtale med Skagerak Nett blir realisert kan det vere snakk om ein årleg reduksjon i nettleiga på om lag 80 kroner per husstand. Dette er avhengig av at alle nettselskapa i fylket blir med. Rauland Kraftforsyningslag har alt sagt nei. Ei avtale vil også kunne føre til at eigarkommunane kan ta ut større utbyte.

– Det er tre viktige poeng. Redusert nettleige er ein ting, og utgjer lite. Men er me ikkje effektive nok kan det føre til så låg avkastning på nettkapitalen vår at økonomien blir kraftig svekka. For det tredje vil kostnadene ved ei ny digital plattform gå direkte av botnlina i selskapet. Når det gjeld Rauland Kraftforsyningslag er dei såpass små at det har lite å seie for nettleiga, forklarer styreleiaren.

Urolege

«Ingeniørane i VTK er uroa over at arbeidet med avtala held fram, og dei ynskte å stoppe det vidare arbeidet straks, og heller gradvis utvikle eigen driftssentral», skriv dei i ei uttale til styret.

NVE har også sagt sitt til at nettselskap går saman om felles driftssentralar. Dei har samanfatta fylgjande notat:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Samarbeid om en felles driftssentral mellom flere nettselskaper vil være tillatt når visse krav til løsningen er oppfylt. Kravene er at hvert nettselskap som inngår i samarbeidet må ha minst èn ansatt ved driftssentralen som deltar i driften av denne, og at hvert nettselskap i et slik samarbeid må kunne dokumentere at de har rutiner for god intern kontakt mellom driftssentralen og øvrig driftspersonell. En driftssentral er en svært viktig enhet for drift av all nettvirksomhet. En felles driftssentral vil ikke være et nettselskap med anleggs- og områdekonsesjon eller en selvstendig ansvarlig enhet mot myndighetene. Felles driftssentraler er heller ikke selskaper som leverer fullstendige driftssentraltjenester til nettselskaper, men er et samarbeid om felles infrastruktur og drift, der hvert av nettselskapene skal ha direkte og selskapsintern kobling til sentralens personell. Alle deltakende nettselskaper skal orientere NVE før etablering eller utvidelse av felles driftssentraler. Deltakende selskaper i allerede etablerte samarbeid om driftssentraler må også orientere NVE.»

Les saka frå desember her.